lørdag 29. august 2020

NORGING


Eg hadde ikkje høyrt om #norging, ikkje før eg las om det i ein kommentar i lokalavisa. 

Det er ein hashtag som vert brukt på instagram - der skrytebilder vert lagt ut på alle dei turane 

    folk har hatt i sommar...

Det rare er, at når eg googlar "norging", finst det ikkje...

... 

Nei, eg har ikkje brukt #norging på nokon av mine innlegg.   

...

Det har ikkje vore mykje padling med meg denne våren/ sommaren diverre... 

Gleda var difor STOR då ei veninne foreslo å padle ilag. Me har gjort det nokre gongar før, men det er foooole lenge sidan sist.                    

                      Eg fekk god hjelp til å få kajakkane på taket, og leita fram utstyret. 

Det vart  kveldspadling ...                              


Vakre Haddal <3


...ved ein "fjellvegg" - rundt Griseholmen, ikkje langt frå Kjeldsund.


Kveldspadling er vakkert - når ein tek seg tid til å nyte <3

...
I går tok eg ein tur igjen, sidan kajakken allereie låg på taket på bilen ;) 
Denne gongen var eg åleine.
Det fine med å padle åleine, er at ein bestemmer alt sjølv... 
Eg vart køyrt til Osnessanden i Ulsteinvik. 


Vinden stod litt "på", så eg kryssa utover mot Peholmen og nordre Kloholmen, vidare langs søre Kloholmen og Skarveskjeret...og mellom der, er det rett til havs, og på bildet ser ein Håkonsholmen framfor baugen på kajakken, og Vattøya lenger ut til høgre. Tenk om eg får til ein tur dit ein gong...meir hav enn øyar og skjer... Det må vere blikkstille sjø, tenkjer eg... 
Drøyme! Drøyme!


...

Så snudde eg nasa mot Roparholmen og Kalvøya, og fekk god hjelp av vind og bølger. 
Dimnaneset og kyrkjespiret i Stokksund i det fjerne( om ein har lasersyn).


Kalvøysundet, med Borgarøya bak...



Det er mange idyllar, som her ved Terneskjera...


Kjeholmen er den siste i rekkja av dei små holmane på rekke og rad, 
før eg kryssa mot Dimnaneset. 
Her var det verkeleg god hjelp frå vindretning og bølgjer... 
Herleg å ri på bølgene :)


Dimnaneset med fyret rett fram...


Godt og velberga inn mellom ein holme og eit skjer på Dimnavikja, med utsikt mot Herøybrua til venstre på bildet, naut eg medbragt brødskive og drakk vatn. 

 
Og her i Blikkvågane - medan eg venta på "hentebil", låg eg langstrakt i graset...soooo godt å få strekke på beina, og ligge langstrakt med ryggen...

Eg var godt fornøgd <3
Det er meistring <3

Klem frå fruANE<3




 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar