mandag 11. mars 2013

Gamle kofter

I leitinga etter gamle mønster, fann eg desse fire i syskrinet mitt ;)
Dette er oppskrifter eg har fått frå mor mi. 
Ho er, og har alltid vore ein stor-strikkar!
For tida er det Marius-gensarar til 13 og 15 åringane i familien, og ei lita nabojente skal få seg Marius-kjole.
Mamma har alltid eit strikkeprosjekt på gong...


Denne kofta; modell Kongsemne, vart strikka til mor sjølv, far, bror og meg.


Modell: Bamsebu, fekk bror min og eg. Ein skulle nesten tru det var vi to som er avbilda, for me såg omlag slik ut... Artig!


Modell; Harstad, var det sjøla-folket ( mor og far) som stasa seg opp med.


... og modell Jonsrud...


... og til  slutt modell  Skogstjerne.

Det er frykteleg leitt at desse koftene ikkje er å oppdrive i dag, men kva om eg med tida strikkar dei igjen?
Eg trur so absolutt det er bruk for desse koftene den dag i dag...
Eldste døtra spurte so fint om å få låne ei kofte av meg ( ho går på internatskule annan stad i fylket).

Brukar ungdom i 18 - 20 åra kofter der du bur?
Kva strikkar du på no?

Ha ei fin veke!
ANE

fredag 1. mars 2013

God helg!

Kjære bloggven!
 
 
På seinsommaren var eg på jomfrutur med bubilen, til Kalvåg, Bremanger i Sogn & Fjordane. Der var me m.a. innom Galleri Frøya. Det var ei annleis kunstutstilling, og det inspirerte meg...
Denne lysestaken var eit resultat av denne inspirasjonen.
'
 
So var det alt dette garnet då; so då vart det hue og hanskar av det...i alpakkagarn ( frå Drops).



 Ei helg med Magnolia-grein, innkjøpt frå Blomster og Gaver i Fosnavåg. Synest det vart fint, når sola laga skuggar på veggen...
 

 
...tulipanar er alltid ein vinnar...
 
God helg!
 
Klem frå
ANE

torsdag 21. februar 2013

Vinterferie-syssel

Handarbeidskrå/ lesekrå/ kosekrå;
kjært barn har mange namn...
...for her kan eg sitje i lange stunder, med ei lydbok, samstundes som eg gjer noko fornuftig.


Har rydda litt i "tølene" mine...


Eg har ei svakheit for garn...som mange andre. Det resulterer ofte i mange prosjekt, samtidig...
Frå venstre: gensar i Voss-mønster, shorts, og to babytepper.






Sikk-sakk teppe


Lett havskum-mønster.


Strikka sjal i alpakka-ull.


Detalj!

Kva syslar du med? Har du det som meg...mange prosjekt på gong?
Ha ein fin dag vidare!
ANE

lørdag 16. februar 2013

Strikkemønster

Denne gensaren har eg strikka, men finn den ikkje att...
Truleg har eg gitt den vekk til andre trengande...
Godt for den det gjeld!


Modell SAGA!





  




Versågod, og god helg!
ANE


lørdag 9. februar 2013

Skitur!

Årets første skitur!


Eg er så stolt av bambus-stavane mine! 
Det har ikkje alltid vore slik. Eg har hatt dei all min dag, iallfall sidan lengda på kroppen tilsa eg måtte ha slik lengd... Kan hugse eg var den einaste av mine venner og skulekameratar som hadde denne sorten. 
Då var eg flau!
Men etter den tid, er det berre stas å ta fram bambus-stavane. 

Som livsnytar og sjølvstendig individ kan eg ta meg ein skitur, noko eg likar veldig godt; åleine!
Ingen treng fortelje meg kvar, når og korleis ferda skal gå...
...og tankane er berre mine...


Dette biletet la eg ut på facebook...og jammen fekk eg mange "liker" og nokre kommentarar. 
Det er alltid kjekt! 
Vi er sånn; likar få merksemd!

Tilbake til det å blogge...for det er vel nett det som er "saka" vår? 
Likar å få merksemd for det me styrer med? 
Likar få merksemd rundt det me publiserer?
Korleis er det med deg?

Ha ein fin solskinsdag!
ANE

torsdag 7. februar 2013

Kofter


Eg har følgt koftejakten på 
 Det har inspirert meg stort, og no har eg leita fram mine gamle oppskrifter, som eg har fått frå mor mi. 
Ho strikkar mykje den dag i dag, og lagar so mykje fint. 
Heldigvis strikkar eg også...
og denne kofta ( under) 
er ei av dei eg har...


Av ein eller annan grunn får eg ikkje kofta på rett veg, men det gjer ingenting om du vrir litt på hovudet?


Det rare er, at eg ikkje finn oppskrifta... 
Eg som har sånn bra system i sakene mine, hmmm...


Dette mønsteret har sett sine beste dagar, 
uheldigvis, 
men det er tapa saman etter beste evne...
Er det nokon der ute, som har oppskrifta inntakt?
Det heiter "Volda"


Eg har tenkt å kome med eit og anna bilete av gamle oppskrifter på kofter.
Har du ei kofte eller ei oppskrift frå fjerne tider?

Ha ein fin dag!

ANE

lørdag 2. februar 2013

Vinylplater


Eg
 fekk kombinert
plate-, kassett-, cd- , aux- og radio- spelar i heimen for kort tid sidan.

Stor stas å få spele vinylsamlinga!
Vinyl/ Lp har vore mykje brukt den siste tida.
Her er nokre av favorittane...

Dire Straits
 

Leonard Cohen


Simon og Garfunkel


Sist vår, fekk ei god oppleving, då Volda Vinyl presenterte klubben sin på ei tilstelling i området. 
Dei er godt vaksne karar, og samlast ein gong i månaden for å spele vinyl. 
Dei hadde rigga seg til med sofa, bord, stolar, platespelar, stålampe og sjølvsagt utvalde plater; på scena. 
Kvar og ein av dei presenterte kva dei skulle spele, bakgrunnen for kvifor dei hadde valgt den
 ( minner, kvar dei hadde kjøpt den osv.). 
So sette dei seg i stolen/ sofaen medan plata vart spelt! 
Der digga dei musikken, prata lite, og var heilt med...


Eg tenkte; kva om eg inviterer venner heim, med ei vinylplate eller to, for å berre høyre og prate om musikk?
 Litt sært, men heilt ok. 
Kanskje gjer eg det ein gong. 
Må berre høyre vår eigen vinylsamling først... 
Det er ei stund igjen, før den er fortært!

God helg, med eller utan vinyl!
ANE