søndag 14. august 2016

Familietid

Blåtur
-ut på tur, aldri sur ;)
Kle deg sportsleg, godt fottøy. 
Ta med klesskift til noko "casual"
Smilet på lur :)
Eg tek ansvar for næringa ;) men kan trenge litt hjelp undervegs...
Avreise kl 10, i "rotta" -  heime i kveldinga...
From "the only ONE - MOM <3

Dette var meldinga dei fekk dagen før avreise... Då visste dei på førehand at dei skulle vere disponible heile dagen...

g, godt skotøy. Ta med klesskift til noko "casua



Gjengen var allereie i bilen før kl 10...snakk om gira turfølge ;)


Eventyret om "dei tre bukkane bruse", vart fortalt mang ein gong i barndomen... På vegen frå Volda til Austefjord er dei tre bukkane ei pryd, for den som vil stanse og kike...


Før Austefjord, køyrde me gamlevegen gjennom bygda Fyrde,
til den kjende
Padda
Mang ein turist er fotografert ved denne attraksjonen, - så også me <3


...som bar på nokre utfordringar...
Kjempe morosamt!


Før Grodås, køyrde me over fjellet til Hellesylt...
og tok formiddagskaffien på 


...som serverte kanelsnurrar frå Geiranger Bakeri


...og sjølvsagt over brua - med det kjende motivet av fossen - 
til Devold - utsalget


Etter litt fornying av ullklede frå Devold, 
kunne me starte på vegen over 


...kjekt med sjølvutløysarkamera...


...og veldig kjekt med klatring, sjølv etter ein har vorte "vaksne"...



Diverre kom regnet, men det stoppar ikkje nokre Sunnmøringar på tur... 
Mottoet: "Ut på tur, aldri sur"!


Tilbake til bilen, 
med kattavask på doen, 
fekk me tørre og reine klede på skrottane...
...og kunne sitje ved peisen på Hotel Union Øye for å få varmen i oss...
og ete den kjende eplekaka med is på & kaffe


...og litt omvisning på hotellet gjorde seg...


Såååå kjekt på tur med desse folka mine <3


Turen vart avslutta med kinesisk mat på restaurant i Ørsta...
<3
Alle var nøgde med at det hadde vore ein kjekke dag <3
...og det vert ikkje den siste...

I dag var me på familiefotografering hjå sjølvaste 

Gler oss til å sjå<3

Takk for no, og ha det bra ;) :)

søndag 26. juni 2016

Midtsommar gleder


JUNI - GLEDER


Ein gamal komfyr fungerer fint som "urtehage"


Eit gamalt hagebord, ein gamal slipestein og ein gamal kaffekjel set ein raskt i rette stemninga <3


Ein "sommartår"...


Ein gamal utslagsvask og ditto flasker og såpekopp...


Ein liten sommarbukett kikar velkomen...


Tradisjon tru; Rjømegraut på jonsokafta


Saniteteten er tru!


Jonsokbål, ilag med venner og slektningar, er også tradisjon på jonsok :)


Kveldshygge...


...og bål <3


Stemningsfullt, når - 
"Kvelden lister seg på tå over kløverengen, himlen har tatt stjerner på, alle barn skal sove nå, sove søtt i sengen".


Leve sakte, lese "Lev Landlig" i landlege omgivelsar... <3


Nydelege strikkasokkar, frå Strikkebesta <3
- på vår siste "Strikk&Tyt" for sesongen ;)


Oasen min - på Perlå ( som er hytta vår)...
"Midtsommardraum" - storsjal på pinnane :)
ANE

God sommar <3

søndag 1. mai 2016

Kjærleiken til bøker og litt anna

Eg er generelt glad i bøker...
Romanar!


Då eg las: 
"God natt, June", av Sarah Jio 
vart eg nyfiken på ei barnebok, som ved fleire høve vart nemt i boka.
 "Goodnight moon", av Margaret Wise Brown. 
Eg etterspurte den på mitt lokale bibliotek, og dei skulle sjekke opp om det var mogleg å spore denne boka. Etter ei god veke, fekk eg sms om at boka vart koma :)
 Fjernlån frå Deichmanske Bibliotek. 
Eg vart såååå glad, og har kosa meg med ei barnebok, på engelsk! Eg er ikkje spesielt god i engelsk, sjølv om eg elskar England. Eg forstod alt ;) 


Det å vere barnebokforfattar må vere heilt fantastisk og veldig vanskeleg...har eg tenkt. Borna er ekstremt oppvakne og ærlege, så ein "tullar" ikkje med bøker til barn :) 


Denne boka: "Drømmen om den engelske landsbygda" er såååå vakker. Eg budde i Surrey eit par månader, (som aupair), og fekk reise ein god del. Eg hadde mykje friheit, sidan "mor og far" jobba mykje, og eg hadde hovudansvaret for barna deira 24 - 7...men fekk fri i mange dagar då dei var heime... Då reiste eg rundt omkring der det gjekk tog :) Eg vart forelska i England! Eg har vore i England ved fleire høve seinare i livet, heldigvis - og det blir fleire turar, garantert! Iallfall etter å ha lese/ drøymt meg vekk i denne boka... 


Her eg sit og bloggar, ser eg bort i deler av bokhylla mi... Der er ein god del bøker eg ikkje har lese enno...for eg finn stadig nye og spanande bøker å lese på biblioteket( og i butikken, sjølv om eg har slutta å kjøpe bøker). 
Eg har generelt slutta å kjøpe noko som helst ( bortsett frå mat og kle)... Eg får såååå dårleg samvit av å kjøpe nytt, når det finst so mykje fint og flott i dei mange gjenbruksbutikkane rundt omkring i våre små og store bygder( og byar). 


Eg er glad i gamle ting, og ting som eg har fått eller kjøpt på Gjenbruk... Skapa er litt fulle, men eg brukar faktisk desse flotte skattane mine... 


Desse koppane har kvar si historie å fortelje...
( du skal kanskje få høyre dei ein annan gong...)


Denne koppen, med tefat og asjett kom eg over for ikkje so lenge sidan... Eg kjøpte nemleg fire "nye" koppar med tefat og asjett, som eg same veka dekka med til "Strikk&Tyt" <3 
Då gjestane kom, fekk dei setje seg hjå den koppen dei likte best... Har du prøvd noko liknade?  Spanande å sjå kva den enkelte vel, og kvifor... 

"Kom mai, du skjønne milde..."

Ha ei fin veke der du er :)

Klem frå ANE

lørdag 2. april 2016

Sølvbryllaupsdag

25 år
Sølvbryllaupsdag
30.mars


Slik såg me ut for 25 år sidan...


...og me ville gjere dagen litt spesiell... 
Me hadde ikkje høve til å reise langt vekk, i dagesvis, 
men ein dagstur med 
kunne me alltids koste på oss <3
Tur/ retur Torvik - Molde


Ut på tur, aldri sur...og alltid med eit strikk for handa... 
...så eit Storsjal på pinnane vart med i handveska ;)


I Ålesund vart skuta MS Vesterålenl  liggande i 3 timar, so då nytta me høvet til ein skikeleg Hurtigrute-lunsj...og me var ikkje på land i det heile teke...
 Me sat på soldekk og var skikkelege turistar :)



Kor spanande det er å reise langs den kjære kysten vår på denne måten...
Det vart lite strikking, og mykje kartstudering... Så rart å sjå kjende stader frå sjøsida...
Eg skal verkeleg reise heile kysten ein gong...( når eg vert rik)...for dette er topp :)


I Molde gjekk me på land, og fekk god tid til å sjå kjende stader... 


I Domkirke-parken fekk me dette fine synet - 
Krokusar i hopetal <3


Bjørnsonhuset Seilet Hotell


...idet sola går bak fjellet <3


MS Nordnorge på returen :)
Du verden kor rart det er å sjå den same leida/ruta i mørket...


...og den flotte "brudebuketten" frå borna, 
når me omsider kom heim seint på natt ( til torsdag 31.mars - og min bursdag)

Ein annleis onsdag <3

ANE


fredag 18. mars 2016

No skal våren kome

Snøen låg fortsatt i store haugar på plenen, 
då eg fekk føre meg at våren skulle kome...


 ...og den kom, etterkvart som eg fekk ordna rundt meg <3


Treskoa er klar til bruk...



...og greiner er tekne inn ( fulle av knoppar), 
perleblomst og påskelilje-løkar er planta i Norgesglas



...og gjenbruks-påskehønene har "flytta inn".

God påske!

ANE

tirsdag 8. mars 2016

Kvinnedagen

GRATULERER MED DAGEN!

Eg kjenner to flotte damer som har bursdag i dag
- ei ung
& 
- ei midt i livet
Begge to er herlege på sine spesielle måtar.


Eg feira 8. mars med ski på beina,
med ein liten tur innom hytta for å ete lunsjpakken
- ilag med Roffen & mannen min, - 


og avslutta dagen ilag med sonen min
( som er heime berre i dag)
 og veslejenta 
( som ikkje er så lita lenger). 
Den mellomste jenta er på stortur i utlandet ( 7 veker).


Eg kjenner meg så rik,-
når eg kjenner denne lukkekjensla ved å gå på ski,- 
kjenne sola varme meg på kinnet,-
sjå korleis hunden nyt friheita,
 og smiler til meg der han spring tulling i snøen,-
gå der i lag med mannen min, 
i stilla,-
og berre høyre stavane i snøen når skia gli på silkeføret.
Rik,-
når eg kokar kaffien på primus,-
og nyt kaffien ilag med nista heimanfrå,-
i den lune gode kråa ved hytteveggen.

<3

Det var min 
KVINNEDAG!

Eg er heldig som får ha det slik <3


Klem frå 
ANE

lørdag 5. mars 2016

Nyfiken


Nyfiken!
Å vere nyfiken gjev deg lengre liv...
Det er 104 åringen Dagny Carlsson som seier dette.
Ho lærte seg data då ho var 99 år, og oppretta denne bloggen


Takk og pris for at eg er så nyskjerrig som eg er...
...nyskjerrig på ein god måte, 
vel og merke.

Ha ein fin laurdag!

ANE