torsdag 24. oktober 2019

Kondolerer

Kondolerer
- eit fælt ord, men svært dekkande...og enkelt å seie for dei av oss som har utfordringar med å seie meir...
Ein kan og seie;  "føle med dokke i sorga og saknet"...

sjå Kondolerer
to feel or express compassion or sympathy
                                                                          
                            Her er på denne linken er så mange andre fine ting å seie... Kondolerer

Blomar seier også mykje <3

I ettertid er me veldig glade og takknemlege for at me stod i gangen, og ungdomane stod i døra med programmet, då me tok imot folket som kom i gravferda <3
Det er heilt annleis å berre sitje i benkane, medan kyrkja fyller seg opp...ein får liksom ikkje med seg det som skjer, kven som kjem osv. Ein annan ting er at dei som kjem til kyrkja ikkje får ta ein i handa, eller gi den klemmen.
<3 <3 <3
Mange synest det er vanskeleg å møte dei sørgande, og dette er ein fin måte å "møte problemet" på.
Samstundes er det fint for at dei får ta del i sorga vår på ein unik måte <3

lørdag 19. oktober 2019

Minnetale

Mamma si gravferd var i går, 18.oktober kl 13.00 i Ulstein kyrkje
( og eg las "minnetalen" i kyrkja).
Ho vart gravlagt på Ulstein gravplass på Osnes
- ein nydeleg plass ved badestranda.


Mamma rakk å bli 76 år.
Ingen alder, seier me...
Tida hennar var komen!

Mamma vart fødd 12.september 1943, og vaks opp inst i Botnen. Ho var døtra til Jenny og Hans Botnen, to fantastiske besteforeldre - og som midtibarnet i ein flokk på sju.
Som barn elska mamma å turne og danse, og var ein resar på 60 meteren, vart det sagt. Ho var flink til å hjelpe til i heimen. Ho var ikkje den som stakk av frå oppgåvene.
Etter framhaldsskulen og konfirmasjonen reiste ho til Oslo, saman med ei god veninne ( Perdy), for å arbeide på Studenterhjemmet. Lita som ho var, vart det mange tunge tak, og ho fann tidleg ut at det vart for tungt. Ho reiste til hennar tante Karen i Eikanger for å hjelpe henne med døtra, og mellom anna for å stryke forkle og skaut,- noko ho gjorde svært bra.

Etter ei tid vart det Horgheim Gjestgiveri i Rauma,
deretter Høvringen høgfjellshotell, og 
Hornsjø høgfjellshotell, 
til ho hamna i Ålesund på Gjestestova der i eit par år. 
Vinteren 1963 flytta ho heim til Ulstein, og arbeidde på Ulstein Hotell,- og same våren vart ho og pappa kjende. 
Austefjordingen som gjorde Ulsteining av seg. 
Ho serverte middag på kafeen "Mamma", når han hadde middagspause frå arbeidet på Hatlø 
- der han arbeidde då.

Det vart romansar, og dei vart par <3 og gifta seg 31.oktober 1964 - med vesle meg i magen <3 Denne tida budde me på loftet hjå tante Kristine og onkel Leif. Mamma og pappa bygde seg hus på garden i Botnen, og flytta inn sommaren 1967, og Per Ivar vart fødd i august same året. 

Det var ein fin og trygg oppvekst med besteforeldre, tanter, onklar og søskenbarn i nærleiken. Det var eit yrande liv, der besteforeldra var limet i slekta, også for dei av slekta som budde andre stader.
Morfar lærte oss tidleg halvstikk, noko som var kriteriet for å låne robåten <3
Elles var det båtturar saman med besteforeldra, onklar, tanter og søskenbarn - alle ihop - på holmeturar. Ei kjekk og minnerik tid å sjå tilbake på <3

Ferietida var telttid, og då pakka mamma og pappa den raude bobla - fullasta på taket, og alle ledige plassar i bilen. Støvlane var knørva inni einannan og plasserte her og der...eit under at me fann dei att. Det var trangt om plassen, men på ferietur skulle me.

Mamma tok deltidsjobb som vaskedame, som det heitte då, på Bergens Rørhandel - på ettermiddag/-kveldstid då eg byrja på skulen, og ho tok sertifikatet. Seinare arbeidde ho i mange år på Kleven Mekansike verkstad som reinhaldar, og litt hjå broren Gunnar og Kleven Eiendom. Ho braut handa i år 2000, og slutta då i arbeidet sitt. 
Mamma hadde astma, og var plaga med pusten - likevel var ho sprek som ei fjellgeit. Ho og pappa hadde mange flotte fjetturar, og for 20 år sidan gjekk dei på Galhøpiggen eine dagen, og Besseggen den neste. Dei har vore trufaste turistar i eige land, men òg minnerike turar utanlands.

Mamma har alltid vore eit arbeidsjern, med ein sterk arbeidsmoral - og det var alltid eit kvart som kunne gjerast. I tillegg må alle dei flotte strikkaplagga nemnast. Ho strikka fleire sett med like kofter til heile familien, og det var eit syn når alle fire kom i like kofter :)
Likevel hadde ho allslags tid saman med barnebarna når dei etterkvart kom til,- både i fjøra med bål og krabbeleiting, med overnatting på hytta i Aldalen, og ho var rett og slett ei superbestemor. 
Barnebarna har vore det viktigaste for mamma, og eg veit at ho har betydd veldig mykje for alle fem 
<3 <3 <3 <3 <3
Ho har vore ei trygg hamn og eit ankerfeste i liva deira <3

Sommaren 2013 selde dei huset i Botnen, og kjøpte ei lettstelt leilegheit på Reiten i Ulsteinvik - noko som kan seiast var i grevens tid. Først vart pappa alvorleg sjuk, som han heldigvis vart frisk frå. Mamma fekk påvist kols for ein del år tilbake, og fekk eit slagtilfelle hausten 2015. Det gjekk heldigvis bra, men ho miste matlysta, og vekta gjekk nedover, og med den også muskelmassa. Ho var gradvis svakare, og vart innlagt på Volda sjukehus i mars i år. I ettertid har ho hatt delt plass på sjukeheimen og heime på Reiten hjå pappa. 
For snart tre veker sidan fekk ho lungebetennelse,- som var noko me frykta...
Ho ville starte på ein penicellinkur, fordi ho ville at alle barnebarna skulle få nå henne - alle rakk henne, og me hadde fine og gode dagar på den fantastiske sjukeheimen ilag,- noko som styrka familiebanda endå sterkare. Mamma har vore limet i familien,- og ho har limt oss saman også etter sin død. 
Me vil alltid hugse den gode humoren, glimtet i auget, dei gode klemmane og 
alt du stod for - for oss <3
Me sat rundt henne, strauk hender og kinn då ho somna fredfullt inn, torsdag 10.oktober kl 12.15.

Kvil i fred, kjære mamma <3


EI STOR TAKK 
for alle helsingar, gode ord og klemmar i denne triste og vonde tida 

❣️❣️❣️

fredag 11. oktober 2019

MAMMA

Mor mi døde i går <3

...og ho fekk ei svart stripe med sølvgarn i årsteppet mitt <3


Den siste tida har vore magisk <3
Ei hand å halde i...


Takknemleg for slike dagar <3 mormor & barnebarn i trygt og godt fellesskap - med gode minne, historier, gledestårer og tårer med sorg <3 <3 <3 

Ho var på bedringens veg, etter ei veke med lungebetennelse, så då gjekk eg fjørelangs <3

Mamma har vore eit arbeidsjern heile livet, men vart sjuk for ein del år sidan, av kols - ein alvorleg lungesjukdom, som sette livet hennar på store utfordringar.
Prøv å puste inn og ut av eit sugerør, og gå opp trappa nokre etasjar... Då har du omlag den opplevinga mange kolspasientar lever med.
Etter eit hjerneslag for omlag tre år sidan, som for henne gjekk bra - men reduserte matlysta til eit minimum, gjorde at ho vart tynnare og svakare.

Spesielt siste året har me sett kor kreftene har teke på, og det har vore mange utfordringar.

TID er eit vidt omgrep, og det er vanskeleg å tidsetje ting i ettertid...
Ho har hatt eit godt samarbeid med sjukeheimen og pappa, slik at ho i bra perioder har budd heime <3 og me som har vore rundt dei, har vore flittige og gode på våre område <3

Siste månaden har vore kritisk, og ho og alle rundt henne har kjent på ei tryggheit å ha henne konstant på sjukeheimen. Der har me vore velkomne når som helst...

Når ein er så langt nedpå, er all form for infeksjon farleg, så få ho fekk påvist lungebetennelse var me sikre på å miste ho <3 
To hender i mi eine <3

Etter ei veke med Penicellin kvikna ho til att, til alle si store overrasking - ikkje minst ho sjølv, men det var kortvarig, diverre. Siste veka har det berre gått nedover, og me har vore samla rundt henne så og seie døgnet rundt. 

Ho ville ikkje døy åleine <3 

Me sat rundt henne, alle som kunne av oss, og eg holdt hendene hennar i mine, då ho drog sine siste pust <3

Mamma og Roffen, på Gåsneset for tre år sidan <3
TAKK FOR ALL KJÆRLEIK!

Ta vare på kvarandre <3

søndag 22. september 2019

Venskap


Eg har kjent på kor viktig det er å ta vare på venskap <3
<3 <3 <3
og i den samanheng har eg teke kontakt med nokre av venene mine den siste tida.
<3 <3 <3
Ein veit ikkje kor lenge me har kvarandre, go eg kjenner at eg treng kvar einaste ein av dei. Eg har eit godt nettverk av venner, og det er lett å ta kvarandre for "gitt". 
Slik vil eg ikkje ha det, så...
<3 <3 <3
Tek du vare på dine venner?

Eg malte nokre akvarellpapir, skreiv tekst og brukte oljekrit...

Gult hjarte for Pauline i Skotland <3

Strikk&Tyt ilag med gode vener <3 <3 <3 <3 <3













torsdag 8. august 2019

Usynleg sjuk

Eg er usynleg sjuk, ilag med mange andre...
Eg er delvis ufør, og synest det er veldig vanskeleg å skal forsvare meg...for "betrevitarar", blikket som seier ......, dei som ikkje veit betre, og på forunderlegvis uttalar seg..., og absolutt dei som "vil meg berre vel". 

Eg blir "satt ut" kvar gong eg får spørsmål om kva eg jobbar med...og svarar i "hytt og pine", bortforklarer, unnlet å seie heile sanninga, lyg ( kvite løgner), unnskyldar meg...

DET ER SÅ UTRULEG VANSKELEG!

Eg er ikkje so god til å skrive som denne bloggaren bak Hverdagsaktiv.
Psssst... Eg har fått løyve til å dele denne linken... 
Takk!

Han klarer å setje ord på slik eg kjenner det <3

Les;


Eg elskar sola, som gir meg fregner i fjeset...
Eg går på fjellet...
Eg riv vegg på hytta og bygg ny...
Eg går tur med hunden <3
Eg elskar handarbeid, so og seie av alt som finst, og generelt alt skapande...
Eg likar hagearbeid, og lagar steinbed i hagen.
Eg elskar å brenne bål, og berre sjå på flammane...
Eg padlar kajakk, og et den heimebaka brunostskiva på ein aude holme...
Eg likar å bake og lage mat, generelt...
...
og eg må takle ALLE dei gongane eg ikkje kan gjere litt/noko/alt dette...
...
TAKK for at du tek deg tid til å lese, og klem fordi du bryr deg <3

Klem frå fruANE<3

lørdag 3. august 2019

Skuffa

Kjenner du ordet?
SKUFFA, eg er så skuffa...
å bli skuffa over noko, eller nokon...
ein skuffelse, du er ein skuffelse...
Eg googla ordet skuffet - og fann 23 synonym for ordet ( misfornøyd, vonbroten, frustrert, utilfreds, bedratt, bitter, desillusjonert, gretten, illusjonsløs, kritisk, kynisk, mellomfornøyd, vingeskutt osv).

Eg har vore skuffa mange gongar, men det er endå værre å kjenne at andre er skuffa over meg... 
Det er veldig vondt! 

Det verste av alt er å vere skuffa over seg sjølv.



I dag gjekk eg til Garnestua, eit fjell rett opp, bak huset vårt... Veldig bratt og utruleg fin utsikt både i råsa oppetter, om ein tek seg tid til å puste på, drikke litt vatn og speide utover synsranda, og på toppen, der varden står... 


I sånne stunder gløymer ein alt som er, av både eigne- og andre sine skuffelsar...

Då er det tilgjeving på alle plan...heilt til neste skuffelse...
...for det er vel eigentleg samvitet som fungerer, er det ikkje det då?
...
Samvittighet er en følelse, intuisjon eller intellektuell vurdering som bidrar til å skille rett fra galt. Vurderingen kan være basert på verdier eller normer.
...

Ha ein fin kveld der du er - med eller utan skuffelse ;)

Klem frå fruANE

onsdag 17. juli 2019

Turing


"Korr ska me reis"?



Bilen vart fullasta med bagasje og syklar...men kvar skulle me reise?

Me hadde faktisk ingen planar om målet...berre litt varme...

 "Vegen er målet"!

Yr.no og Pent.no var avgjerande...så då vart det ikkje nordover Helgelandskysten, som var ein av ideane me hadde...
Det måtte bli austover...

Me hamstra mat i Stryn, og ville stogge på Hjelle, Gamlebutikken på Hjelle
Eg hadde sett og høyrt om staden, og ville oppleve sjølv...
...og det stod til forventningane mine <3

Neste stopp:
Billingen i Skjåk


"Han har ikkje stund til å stogge
og ikkje tid til å sjå".

Første stofa av "Den annsame" - frå Dikterstien til Jan Magnus Bruheim.

...

...me hadde ikkje stund til å stogge, - berre eit bel...
...men me vil attende for å gå turar...som det er flust av...
...


JA, det freistar, men me "måtte" vidare...


...heile tida dette "jaget", sjølv om me ikkje hadde nokon reell "plan"...


Solnedgong i Vallersvik i Sverige...




















Saka er vel den at begge likar å køyre bil...






















OG BRÅTT VAR ME  I DANMARK <3 SJÆLLAND

Me har vore i Danmark fleire gongar( sidan me har vore i Tyskland nokre gongar),
og me berre elskar å vere "norsk i Danmark" <3

Då borna var små budde me i Lavvo ei veke.
Deretter leigde me sommarhus saman med bror min og familien i nærleiken av Ebeltoft...og me sa til kvarandre, at hit skulle me reise, når borna vart store, og då skulle me kunne ta med syklar...
...
Etter sååååå mange år, vart det slik <3 etterkvart ;)
...men for å kome til draumestaden i Danmark, utan å ha booka plass på danskebåten...vart det ein lang køyretur...


Me stogga i Odense ( Fyn)...byen til sjølvaste H.C.Andersen... "Prinsessa på erta", "Jenta med svovelstikkene"


...og gjekk i fotspora hans...innom barndomsheim og oppvekst og sjølve museet der "livet" til den store eventyrforfattaren var...


Me fann ein heilt ok campingplass i utkanten av Mols Bjerge, som ligg delvis i eit naturreservat...( i Djursland, Jylland), med passeleg avstand til Ebeltoft by, og med utsikt til fred og ro, samt opplegg til ein del aktivitetar :) ;) :)


Det lova godt, då sola møtte oss i teltdøra første morgonen <3


...og første sykkelturen lova godt...med markar fulle av blomster og korn...


...og turen langs stranda ved Sletterhage fyr...( me samla ein heil hundebæsjepose med stein...)...

...og "Det gastronomiske Turistkontor" midt i Ebeltoft...

FULL KLAFF!

Diverre var det kaldt...mykje vind ;) og innimellom nokre regnbyger...
Det stogga oss ikkje for å vere aktive og finne på ting, HELDIGVIS :)


Laurdagen var det JAZZ på torget :) :) :) innimellom regndropane...


Men etter fem døgn, bestemte me oss for å køyre litt lenger vest, mot Vesterhavet -  til Thi Nasjonalpark, med camping i Thisted by...relativt kort veg til det meste...


Klitmøller - eit surfeparadis...



Hanstholm - eit svært hamneområde...


...og med sykkel til Vigsø Strand




...eit veldig spesielt møte...med restar frå bunkera frå 2.verdenskrig...




Våre trufaste følgesveinar <3 <3 <3




Eit bilde som talar for dei mange sandstrendene me passerte...




Etter ei stund på tur, vert trongen til heimveg sterkare...og me bestilte danskebåt frå Fredrikshavn...so slapp me heile køyreturen rundt att...




 ...og ein sykkeltur til Grenen, øvste enden av Danmark, var eit "must"




...der to hav møtest - Skagerak og Kattegat...




...lett å bli fasinert over...




...og me sat på øvste dekk under overfarta Fredrikshavn- Oslo heile dagen <3


BLÅTT HAV SÅ LANGT DU SER...



Sidan det vart kveld då me ankom Oslo, campa me på Bogstad Camping...og me sykla/ gjekk rundt Bogstadvatnet dagen etter...med vaffel/kaffestopp på Bogstad Gård...




Det er så mangt ein kan sjå i hovudstaden...og reklama på veggen sa vel sitt...
Me hadde sett det meste før, og heimlengten tok overhand <3




Det slo meg kor reint og fint det var i Danmark, uansett kvar me gjekk eller sykla...
Ikkje boss, snus eller røykstumpar nokon stad!!!!!

Slik var det diverre ikkje når me kom "heim" til Noreg :(
Så kva er "greia"?


...


Takk for følget!

Klem frå fruANE<3




















pssssst...av ein eller annan grunn får eg ikkje til å slette bildet under... Det er frå sykkelturen rundt Bogstadvatnet...





















(fint det også, altså ;)