torsdag 8. august 2019

Usynleg sjuk

Eg er usynleg sjuk, ilag med mange andre...
Eg er delvis ufør, og synest det er veldig vanskeleg å skal forsvare meg...for "betrevitarar", blikket som seier ......, dei som ikkje veit betre, og på forunderlegvis uttalar seg..., og absolutt dei som "vil meg berre vel". 

Eg blir "satt ut" kvar gong eg får spørsmål om kva eg jobbar med...og svarar i "hytt og pine", bortforklarer, unnlet å seie heile sanninga, lyg ( kvite løgner), unnskyldar meg...

DET ER SÅ UTRULEG VANSKELEG!

Eg er ikkje so god til å skrive som denne bloggaren bak Hverdagsaktiv.
Psssst... Eg har fått løyve til å dele denne linken... 
Takk!

Han klarer å setje ord på slik eg kjenner det <3

Les;


Eg elskar sola, som gir meg fregner i fjeset...
Eg går på fjellet...
Eg riv vegg på hytta og bygg ny...
Eg går tur med hunden <3
Eg elskar handarbeid, so og seie av alt som finst, og generelt alt skapande...
Eg likar hagearbeid, og lagar steinbed i hagen.
Eg elskar å brenne bål, og berre sjå på flammane...
Eg padlar kajakk, og et den heimebaka brunostskiva på ein aude holme...
Eg likar å bake og lage mat, generelt...
...
og eg må takle ALLE dei gongane eg ikkje kan gjere litt/noko/alt dette...
...
TAKK for at du tek deg tid til å lese, og klem fordi du bryr deg <3

Klem frå fruANE<3

lørdag 3. august 2019

Skuffa

Kjenner du ordet?
SKUFFA, eg er så skuffa...
å bli skuffa over noko, eller nokon...
ein skuffelse, du er ein skuffelse...
Eg googla ordet skuffet - og fann 23 synonym for ordet ( misfornøyd, vonbroten, frustrert, utilfreds, bedratt, bitter, desillusjonert, gretten, illusjonsløs, kritisk, kynisk, mellomfornøyd, vingeskutt osv).

Eg har vore skuffa mange gongar, men det er endå værre å kjenne at andre er skuffa over meg... 
Det er veldig vondt! 

Det verste av alt er å vere skuffa over seg sjølv.



I dag gjekk eg til Garnestua, eit fjell rett opp, bak huset vårt... Veldig bratt og utruleg fin utsikt både i råsa oppetter, om ein tek seg tid til å puste på, drikke litt vatn og speide utover synsranda, og på toppen, der varden står... 


I sånne stunder gløymer ein alt som er, av både eigne- og andre sine skuffelsar...

Då er det tilgjeving på alle plan...heilt til neste skuffelse...
...for det er vel eigentleg samvitet som fungerer, er det ikkje det då?
...
Samvittighet er en følelse, intuisjon eller intellektuell vurdering som bidrar til å skille rett fra galt. Vurderingen kan være basert på verdier eller normer.
...

Ha ein fin kveld der du er - med eller utan skuffelse ;)

Klem frå fruANE

onsdag 17. juli 2019

Turing


"Korr ska me reis"?



Bilen vart fullasta med bagasje og syklar...men kvar skulle me reise?

Me hadde faktisk ingen planar om målet...berre litt varme...

 "Vegen er målet"!

Yr.no og Pent.no var avgjerande...så då vart det ikkje nordover Helgelandskysten, som var ein av ideane me hadde...
Det måtte bli austover...

Me hamstra mat i Stryn, og ville stogge på Hjelle, Gamlebutikken på Hjelle
Eg hadde sett og høyrt om staden, og ville oppleve sjølv...
...og det stod til forventningane mine <3

Neste stopp:
Billingen i Skjåk


"Han har ikkje stund til å stogge
og ikkje tid til å sjå".

Første stofa av "Den annsame" - frå Dikterstien til Jan Magnus Bruheim.

...

...me hadde ikkje stund til å stogge, - berre eit bel...
...men me vil attende for å gå turar...som det er flust av...
...


JA, det freistar, men me "måtte" vidare...


...heile tida dette "jaget", sjølv om me ikkje hadde nokon reell "plan"...


Solnedgong i Vallersvik i Sverige...




















Saka er vel den at begge likar å køyre bil...






















OG BRÅTT VAR ME  I DANMARK <3 SJÆLLAND

Me har vore i Danmark fleire gongar( sidan me har vore i Tyskland nokre gongar),
og me berre elskar å vere "norsk i Danmark" <3

Då borna var små budde me i Lavvo ei veke.
Deretter leigde me sommarhus saman med bror min og familien i nærleiken av Ebeltoft...og me sa til kvarandre, at hit skulle me reise, når borna vart store, og då skulle me kunne ta med syklar...
...
Etter sååååå mange år, vart det slik <3 etterkvart ;)
...men for å kome til draumestaden i Danmark, utan å ha booka plass på danskebåten...vart det ein lang køyretur...


Me stogga i Odense ( Fyn)...byen til sjølvaste H.C.Andersen... "Prinsessa på erta", "Jenta med svovelstikkene"


...og gjekk i fotspora hans...innom barndomsheim og oppvekst og sjølve museet der "livet" til den store eventyrforfattaren var...


Me fann ein heilt ok campingplass i utkanten av Mols Bjerge, som ligg delvis i eit naturreservat...( i Djursland, Jylland), med passeleg avstand til Ebeltoft by, og med utsikt til fred og ro, samt opplegg til ein del aktivitetar :) ;) :)


Det lova godt, då sola møtte oss i teltdøra første morgonen <3


...og første sykkelturen lova godt...med markar fulle av blomster og korn...


...og turen langs stranda ved Sletterhage fyr...( me samla ein heil hundebæsjepose med stein...)...

...og "Det gastronomiske Turistkontor" midt i Ebeltoft...

FULL KLAFF!

Diverre var det kaldt...mykje vind ;) og innimellom nokre regnbyger...
Det stogga oss ikkje for å vere aktive og finne på ting, HELDIGVIS :)


Laurdagen var det JAZZ på torget :) :) :) innimellom regndropane...


Men etter fem døgn, bestemte me oss for å køyre litt lenger vest, mot Vesterhavet -  til Thi Nasjonalpark, med camping i Thisted by...relativt kort veg til det meste...


Klitmøller - eit surfeparadis...



Hanstholm - eit svært hamneområde...


...og med sykkel til Vigsø Strand




...eit veldig spesielt møte...med restar frå bunkera frå 2.verdenskrig...




Våre trufaste følgesveinar <3 <3 <3




Eit bilde som talar for dei mange sandstrendene me passerte...




Etter ei stund på tur, vert trongen til heimveg sterkare...og me bestilte danskebåt frå Fredrikshavn...so slapp me heile køyreturen rundt att...




 ...og ein sykkeltur til Grenen, øvste enden av Danmark, var eit "must"




...der to hav møtest - Skagerak og Kattegat...




...lett å bli fasinert over...




...og me sat på øvste dekk under overfarta Fredrikshavn- Oslo heile dagen <3


BLÅTT HAV SÅ LANGT DU SER...



Sidan det vart kveld då me ankom Oslo, campa me på Bogstad Camping...og me sykla/ gjekk rundt Bogstadvatnet dagen etter...med vaffel/kaffestopp på Bogstad Gård...




Det er så mangt ein kan sjå i hovudstaden...og reklama på veggen sa vel sitt...
Me hadde sett det meste før, og heimlengten tok overhand <3




Det slo meg kor reint og fint det var i Danmark, uansett kvar me gjekk eller sykla...
Ikkje boss, snus eller røykstumpar nokon stad!!!!!

Slik var det diverre ikkje når me kom "heim" til Noreg :(
Så kva er "greia"?


...


Takk for følget!

Klem frå fruANE<3




















pssssst...av ein eller annan grunn får eg ikkje til å slette bildet under... Det er frå sykkelturen rundt Bogstadvatnet...





















(fint det også, altså ;)

søndag 23. juni 2019

Jonsok

Ekte jonsokfeiring...



<3 <3 <3 


Eit nydeleg trekløver <3 <3 <3



Bind deg ein blomekrans,
kom så til leik og dans,
fela ho læt no så vakkert i lund.
/: Sit ikkje stur og tung, syn at du og er ung,
veks fri som fagre lyng, dans no og syng. :/




...dei galne har det best...

Jubileumstur

Velkomen til Balito <3

- ein liten stad ved Anfi del mar, ikkje langt frå Patalavaca og Arguineguin, på Gran Canaria...


Solveig og eg hadde ein jentetur ilag igjen, 10 år sidan sist...og no var det kombinert feiring av 25 års dag og Bachelor i musikk.




Solnedgong frå hotell/ leiligheitsbygget i Balito.


Lunsj og rusletur i Mogan,- ein liten fiskelandsby vest for Balito.




Avslapping ved bassengkanten og i bassenget


Ein av dei innfødde


Koseleg skilting...


LIVE LIKE HEAVEN IS ON EARTH
LOVE LIKE YOU HAVE NEVER BEEN HURT
LAUGH IS LIKE NO ONE LISTENING
SING AS IF NO ONE CAN HEART
DANCE IS AS IF NO ONE WATCHING
DREAM LIKE THERE ARE NO IMPOSIBILITIES
PLAY LIKE THERE ARE NO WINNERS
GIVE
...
SMILE
TILL YOUR FACE HURTS
CHERISCH
YOUR FAMILY & FRIENDS EVERYDAY



På vegen mellom Balito og Anfi del Mar - som eit slags Stonehenge


Terassekos <3 når sola hadde gjort jobben sin...



Eit av turmåla...


Siste kveld med storepiå <3


Frå flysetet på veg heim... skydottane ser ut som små øyar...


HEIME <3


BORTE BRA, MEN HEIME BEST <3

Ekstra stas når alt har gått bra med både oss og dei heime <3 

Klem frå fruANE