torsdag 30. juli 2020

Tidtrøyte

Eg har sett på Greys Anatomi , 
omlag så lenge det har vore Koronatid...og eg hadde verkeleg ikkje sett noko av dette før. 
Så då kan den som veit, fortelje meg at eg har sett utruleg mykje "styr" :) ;)
Min favorittperson, trur eg, må vere Alex Karev... Eg held på med sesong 15... Så får eg sjå om inntrykket endrar seg mot slutten på sesong 16, og før sesong 17 er ute med alt om Korona.

Løsetvatnet rundt...
Rundt Løsetvatnet...nokre gongar...

Stubbete - te på stubbe, under grantrea på hytta...

På Djupvikhaugen...ei fin lita runde, med utsikt innover Ørsta- og Voldafjorden.


Målet er å sjå heile serien av Greys Anatomi( noko eg aldri i livet trudde eg kom til å gjere...). 
Eg har sett på serie, ein heilt ny "hobby" for meg...
 Eg har ikkje gjort så mykje anna hobby på kveldstid på det eg kan hugse...og det er heilt greit ;)


Klem frå fruANE<3

lørdag 18. juli 2020

Gjenforening

Jonas vår, og Sisi frå storbyen Shenzhen i Kina gifta seg 23.august 2019...
...og det har gått ca 10 månader sidan den gong...

For omlag ein månad sidan, fekk ho immigrasjonssøknaden innvilga <3 

Sidan korona og diverse andre årsaker har det teke tid, kom ho til Gardermoen, og dei TO vart gjenforent <3 og ei stor glede for alle rundt dei sjølvsagt <3 

Eg strikka like genserar til dei sist haust, då mamma låg sjuk. Ho gledde seg over at gensarane tok form, og spurte stadig etter Sisi, om når ho kom... Diverre rakk dei aldri kvarandre :( 
Setesdalsgenser



Sisi <3 Jonas    Jonas  <3 Sisi
Ho kom tysdag kveld, og då går dei 10 dagar i karantene, før me får klemme i veg...

Kjenner meg takknemleg som har ei slik hjartegod svigerdotter <3

Klem frå fruANE<3

torsdag 16. juli 2020

DRONNINGRUTA

Jomfruturen i går gav meirsmak... 
Ikkje anna å vente, med den oppturen det var i går :) og med fin temperatur og klarver i dag, vart det ei storrunde aldeles ;)


Første stopp var NILSBUDA på Sæbø ved Hjørundfjorden - 


- med ferge til Leknes


Ombord i ferga, og Leknes rett fram


                                  

I hagen, med kaffe & medbragt
skillingsbolle frå konditoriet på Sæbø.

Inngongen til hotellet...

Klar til avgang...

Opp gjennom Norangsdalen...


                                                           
                                                              NORANGSDALEN



Hellesylt - fossen


Kaffe & brunostIS på Hellesylt Boutique Bar

Flisene på doen - hummar og kanari, eller herleg blanding, om du spør meg ;)

Etter vandring i sentrum og ein snopetur innom Devold outlet 
- vart det strake vegen heim, 
via Kvivsvegen 
- heilt topp, tommel opp ;) :) <3 

Psssssst!
Dersom du køyrer Kvivsvegen Volda - Grodås...så ta for all del "gamlevegane" utanom tunnelane.
For all del!!!!!
NB!!!!!!
- via Fyrde, og forbi kjempePADDA
- eller gjennom Sunndalen og Gjersdalen
- sving av til venstre på Nes, og køyr inn på hovudvegen igjen, etter Langvatn ;)
- køyr til høgre like etter, mot Kalvatn og rundt... Der finn du m.a. Josybuda - og du kan køyre via Osdal til Nordfjord...
- Etter Kalvatn, anbefaler eg turen til Bjørke og Viddal
NB! Og særskild til Bakketunet og Postkjellaren på Bjørke

Der ser og opplever du eit stykke Noreg i miniatyr <3 <3 <3

- alt dette opplever du, før du køyrer gjennom den 7 km lange tunnelen til Grodås ;)


Tilbake til turen no...eg kjenner meg utruleg heldig, som berre får sitje bakpå...

Takk for turen <3
...og no har eg ordna ei lita bok, der me skal skrive opp alle turane me tek...

Klem frå fruANE<3

onsdag 15. juli 2020

JOMFRUTUR

Mannen i huset har kjøpt skikkeleg motorsykkel
- ein YAMAHA
 - ein retteleg fin ein...og eg sat bakpå i dag, for aller første gong...
Altså; jomfrutur!

Selfie (me hadde parkert, altså ;)



Turen gjekk til FOSNAVÅG,- og MADELYNN for å ete lunsj <3 

...mmmm...nydeleg mat...


Etter ei lita runde i sentrum, køyrde me rundt GURSKØYA ,- med eit stopp på Hidsneset.
Her ser ein vide, Sandsøya (Sande kommune)til venstre og litt meir til høgre er Skorpa (i Herøy kommune), og nett i dag var det så og seie vindstille...


Eg er jammen heldig som får sitje bakpå - og berre sjå <3

I morgon skal me på ein ny tur, ein annan stad...

Klem frå fruANE<3

lørdag 4. juli 2020

HAVLANDET

sett frå Hasundhornet <3

Hasund og Dimna krins
Ulsteinvik

Eline, hundane og eg gjekk "nyevegen" til Hasundhornet i dag... Nydeleg sol, men kald nordavind. Mykje folk som ville teste "nyevegen", sjølv om den ikkje er ferdig. Bratt, men blir flott til slutt, vil eg tru... Ikkje særleg framkomeleg for rullestolbrukarar og barnevogner endå, men ein får håpe til slutt...

Boklesing under parasoll, solbriller og solhatt <3

Etter fjellturen, var eg på Perlå >3  resten av dagen...
Det er leeeeeenge sidan sist, og det har vore ein utruleg deileg dag <3 TAKK!

Kva les du?

Klem frå fruANE<3

tirsdag 30. juni 2020

Trondheim

Ferieplananane vart litt annleis...
Me skulle reise etter jonsok, og me skulle nordover... Så langt var planane like!
Me for heimanfrå på sjølve jonsok, til Trondheim - for å vere i nærleiken av far min, som låg på St.Olavs. 


Sidan begge to likar å køyre Romsdalen og over Dovre, la me inn eit stopp ved 

Der handla me spekepølse og IS til å ete der og då <3


Etter eit par timar hjå pappa, vart det tid for rusling i vakre Trondheim <3

Nidarosdomen


Nydelege dagar, med sol frå skyfri himmel <3 Me traff verkeleg blink <3

 Ein av dagane vart det sykkeltur til RINGVE MUSEUM

Andebenk <3

Og endeleg vart det prioritert ein tur til 

- på nesten blikkstill fjord og 31 varmegrader <3

Eg er så takknemleg for dagane ilag med pappa på sjukehuset, til fots og på sykkelsetet i byen <3 Sykkelvegane er utruleg godt utbygd, og det er heilt topp å vere syklist <3  
OG 
Trønderane er eit triveleg folkeslag <3

No er me heimkomne <3 

Borte bra, men heime best <3

Livet i Trondheim - i ein fluktstol på Brattøra <3

Klem frå fruANE <3

tirsdag 26. mai 2020

Ein fin liten blome

Ein fin liten blome...


Ein fin liten blome i skogen eg ser,
i granskogen diger og dryg,
og vent mellom mose og lyng han seg ter.
Han står der så liten og blyg.

Sei, ottast du ikkje i skogen stå gøymd
der skuggane tyngja deg må?
Å nei, for av Herre eg aldri vert gløymd,
til ringaste blom vil han sjå.

Men ynskjer du ikkje i prydhagen stå, 
der folk kunne skoda på deg?
Å nei, eg trivst best mellom ring og små, 
eg føddest til skogblome, eg.

Ein dag vil den stormande vinter deg nå,
då vert det vel dødsdagen din.
Då kviler eg lunt og har snøkåpa på,
til vårsola kysser mitt kinn.

Eit bod frå min Herre du blome meg ber:
om einsleg eg vert på min veg,
så veit eg at Herren vil vera meg nær,
Gud Fader, han vernar òg meg.

Om enn eg er liten, har Herren meg kjær,
med honom eg kjenner meg sæl.
Kvar morgon meg bøna til himmelen ber,
med bøna eg sovnar kvar kveld.

Ein kledning eg fekk av min Frelsarmann kjær,
i blodet hans reinsa den er.
Den høver for himlen, der gullgater er,
den høver for vandringa her.

Som blomen om vinteren visnar eg av,
men gled meg, for då står eg brud.
Lat lekamen kvila med fred i si grav,
mi sjel, ho er heime hos Gud.

Ja, glad skal eg vakna hos Jesus ein gong
i morgonen æveleg klår,
og blanda med heilage englar min song
i himlen, dit døden ei når!

Johan Alfred Blomberg



På hundeluftarturen denne vakre måndagsmorgonen, fann eg desse vakre skogblomane...
og fekk so lyst til å dele bildet og denne teksta med fleire <3 

Det er mange som har eit forhold til denne songen <3
Songen vart først skriven på svensk, og omsett til nynorsk av Anders Hovden i 1927



Klem fruAne <3