Vinjar og eg gjekk frå Ljøen - via Ljøsetra til Brekkeskaret. Der såg me ruta vidare ned mot Herdalen, men sidan me hadde bil på Ljøen, måtte me gå tilbake same veg. Me snakka med folk som hadde bilar begge stadane... Det hadde me ærleg talt ikkje tenkt på.
Her starta ruta, like ved utsiktspunktet på Ljøen
( midt mellom dei to svære tunnelane etter Hellesylt, mot Stranda).
Nydelege stiar/vegar
Spønhaugen!
"Her på Spønhaugen var det stor aktivitet med vegbygging frå 1938. I området stod både ei brakke som husa arbeidarane, og eit heishus knytt til taubana.
Frå 1920-åra var det planar om bilveg mellom Ålesund og Nordfjord, via Stranda og Sunnylven. Tre ulike alternativ vart utgreidde: 1.; veg gjennom Moldskreddalen, 2.;veg over Ljøfjellet og 3.;veg til botnen av Herdalsdalen, 800 meter tunnel gjennom fjellet og veg inn mot Spønhaugen og vidare i svingar ned til Ljøen. Siste alternativet vart valt, og i 1937 kom det opp brakke på Spønhaugen der arbeidarane skulle bu. Det vart òg bygd taubane frå Ljøkaia til dette området for å frakte opp materiell til anlegget. Heishuset står enno, men litt lenger ute på vegen.
På det meste var over 40 arbeidarar og to kokker i sving her. Sjølve vegarbeidet tok til i 1938, men vart stogga av tyskarane i juli 1941. Det vart også utført litt arbeid på Spønhaugen somrane 1946 og 1947.
Vegmurane i området viser kva arbeid som vart utført gjennom desse åra. Dette er fagarbeid av høg klasse.
I 1956 vart det bestemt at ein skulle velje ei lågare rute med tunnel til Herdalen, og det opphavlege prosjektet vart skrinlagt. Studer dei flotte vegmurane, og gå ut langs vegen. Vegmurane har namn etter dei som var arbeidsformenn for dei ulike murane.
Den Trondhjemske postvei går òg forbi her. Ruta frå Ljøen til Herdalen i Strandadalen skal ha vore den mest krevjande på heile den 80 mil lange postruta mellom Bergen og Trondheim.
|
Nybø-muren |
|
Mattis-muren |
Utruleg!!!
Hit, men ikkje lenger gjekk vegen.
|
Her ser ein tilbake på vegen som vart bygd. |
|
Ljøsetra - med "Stikk ut"- plass ;) |
Nydeleg natur!
|
Nykkjevatnet, men ingen "nøkk". |
|
Kremarvatnet |
|
Til endes, på Brekkeskaret, med utsikt nedover Herdalen |
|
Utruleg flott utsikt <3 |
Me bestemte oss for å gå motsatt veg, dagen etter...
|
På camping, med suppe på primus ;) |
DAG 2
Frå Ljøen - Ljøen kai
|
Ljøen skule - der vår lokale guide var siste 1.klasse-elev, før skulen vart nedlagt... og dei måtte bu hjå slekt i nabobyga for å gå på skule |
.
|
Fin turveg |
|
Litt rå muskelkraft måtte til... ;) |
|
Flott og herskapeleg trapp |
|
Tidens tann... |
|
...og over ei lita bru... |
|
Hyll i Synste Møre-koppen... som vart til deileg te :) |
|
Ljøenfossen |
|
I fjørasteinane |
|
Muren etter første Ljåen-verkstaden. Vår lokale guide fortalde at han som starta opp Ljåen i Ålesund, starta her med å reparere båtar... Altså ein skikkeleg grunder! |
|
Me toane <3 |
|
Opp att i tunet til vår lokale guide :)
Så tok me bilen gjennom tunnelen til Herdalen... |
Frå Herdalen - Brekkeskaret
|
Herdalsneset!
"I 1930-åra vart det starta vegarbeid her som ein del av prosjektet med å få bilveg mellom Ålesund og Nordfjord". ( sjå tekst om veg tidlegare i innlegget). |
"Turruta her er ei av dei mest brukte i Stranda kommune. Det er ein flott tur i seg sjølv, men ruta går òg tett på verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap, som er det einaste naturområdet i Noreg på verdsarvlista til Unesco. Turruta er ein del av Den Trondhjemske postvei mellom Bergen og Trondheim, oppretta i 1785. Restaureringsarbeidet er utført av Ljøbrekkas vel, som vart stifta i 2013. Sjølve arbeidet starta i 2014, og fullført 2020".
|
Sving nr. 1( av i alt 22) |
Nydeleg natur <3
|
På toppen av Brekkeskaret <3 |
|
Langt ned igjen...og bratt! |
Då avsluttar eg med dette fantastiske bildet <3
Me har gått maaaaaange steg...og fått to nye "Stikk ut"- registreringar :)
Takk for turen <3
fruANE