mandag 22. april 2013

Gamle dukar

Veslejenta skal konfirmere seg komande helg.
I den samanheng, er det som for dei fleste kjent, at mangt og mykje skal gjerast...
So også for oss! Intet unntak!


Me har to eldre born, og har soleis vore gjennom dette før... Så vi veit kva vi går til...
Denne gongen blir det annleis likevel, for dette blir det siste familie-selskapet, der absolutt alle blir invitert. 
Vi blir 52 til kaffien, slik det ser ut... 
Nokre har meldt forfall, naturlegvis - lange avstandar, skule og jobb gjer det vanskeleg for somme. 
Dei har full forståing, sjølvsagt!

Svartsaum duk


Mor mi broderte denne duken, som svært ung. Den er heilt nydeleg!


Detaljar!


Vi har leigt lokale, der alt er tilgjengeleg...til og med dukar. 
Det er ikkje fine dukar, men dei er heilt ok.
Likevel tenkte eg å bruke nokre av desse skattane eg har i hus...
Kvifor ikkje?


Blå duk, brodert med kvit tråd.


Eg kom til å tenkje på ein song me song på barneskulen
...om ho som gøymde so lenge på skattane i kista, at dei vart møllspiste... 
Eg trur ikkje desse dukane blir møllspiste, men dei tener ikkje med å ligge på kistebotnen. 
Ingen får sjå eller nyte meisterverka...og det fordi vi er redde for å øydelegge dei, skitne dei til osv. 
Eg har bestemt meg for å bruke dei...på konfirmasjonsdagen...
slik at mor mi og andre får sjå og nyte.


Detalj!


Dette er ein av dei eldste...etter oldemor mi...( ho levde frå 1873 - 1971).
Engelsk broderi, meiner eg.

  
Vindruer og vinblad? Eg trur ikkje at oldemor drakk anna enn altervin 
( forresten var ho pinseven).
Eg derimot, er veldig glad i eit glas raudvin, og har ein og annan gong vore til nattverd...

Detalj!


Hardangersaum - duk, som svigermor har brodert. 


Oftast er det ukurrante bord-størrelsar som gjer at dukane ikkje vert brukt, iallfall i min heim. 
Salongbordet er for lite og lavt, og ete-stovebordet er for langt.
Eg skal iallfall prøve finne ei løysing i konfirmasjonen...om ikkje anna - ei slags utstilling( kanskje).


Detalj!


Korleis er det i din heim? 
Er du flink til å bruke desse skattane, eller gøymer du dei vekk?

Ha ei fin veke, og god helg når den kjem :)

ANE


2 kommentarer:

  1. Då er konfirmasjonen over, og alt vel! Det var ein veldig fin dag, på alle moglege måtar...
    Og dukane: det var berre dei to nedste( på bildet) som vart brukt. Dei to øvste var i minste laget til dei store borda i lokalet. Eg får verte flinkare til å bruke dei i heimen, ikkje spare på dei...

    SvarSlett
  2. No har eg faktisk lagt på den blå broderte duken, med kvitt broderi. Veldig vakkert! Lukke!

    SvarSlett