tirsdag 9. april 2013

Syskrinet mitt, og farmor sitt <3

Slik ser det ut...


Eg har rydda i "tølene mine" igjen... og leita fram syskrinet. 
Eg er ikkje so aktiv på syfronten for tida, men eit syskrin er det noko dei fleste har i hus, eller?
Korleis ser syskrinet ditt ut?


Slik ser det ut, når eg opnar det...
Genial oppfinning!


Og oppi?


Vel! 
Her er litt kaos...
symaskinnåler, "auger" strikk, band, nålepute, bilder,


perler, stjerner, englar, band, sytråd, broderigarn...


...påbegynt hardanger-broderi, futteral( frå eitt av borna), meir broderigarn, endå fleire perler...
Det ser ut som her må ei opprydding.
Ikkje i dag, kanskje i morgon?


Dette tilhøyrde mi avdøde farmor - ho er sårt sakna - etter så mange år,
men syskrinet lever vidare, med dets innhald...


Tenk om syskrinet kunne fortelje? Det har nok mange gode historier...
Kanskje eg skulle skrive ei slik historie, vel og merke tufta på mine minne og kunnskapar om farmor og det ho styrte med... Det kunne likevel ha vorte litt kjekt iallfall for meg).


Skal tru kva ho brukte desse sneldetrådane til...
Kva strikka ho på, osv osv...


Stoppesopp? Til å stoppe sokkar med...eller kva kallar du det?



Her finn du fleire syskrin...til inspirasjon?
Sant å seie finst det mange fine syskrin rundt omkring...og dei er so fine, kvifor ikkje ha dei ståande på stova som møbel? Kva synest du?

Ha ein strålande dag!
Klem frå
ANE

1 kommentar:

  1. Draumen er: å ein gong ta over farmor-skrinet, og aller helst heile farmor-huset, med alt inni :)
    Då skal eg renovere heile huset og hagen...og ein gong kvart år skal eg invitere alle etterkomarar til farmor... Stor stas å få drøyme slik, for det er gratis! Drøyme! Drøyme! Drøyme!

    SvarSlett