torsdag 30. mai 2013

ODELSRETTEN som forsvann...

                                                   ...


Eg har trudd at eg hadde odelsretten etter far min, på farsgarden ( til mine kjære avdøde besteforeldre).
Det har eg altså ikkje lenger!


Det var ei endring i 2010, som gjorde at ei eldre søster får retten framfor min far...(og ho har to barn, som igjen har tre og to barn). 
Så kjem far min og deretter eg  :(   langt, langt etter...
(Før var det slik at jenter, født 1965 eller seinare, hadde lik rett til odel, som gutane ( Lov av 1974).)

                       http://no.wikipedia.org/wiki/Odelsrett


Odelsretten følger i første omgang arverekkefølgen i rett nedadstigende linje etter alder. Det vil si at eldste barn etter eieren har førsteretten, deretter hans barn og barnebarn. Eierens nest eldste barn kommer deretter, så hans barn og deretter eierens barn nr. 3 o.s.v. Adopterte barn trer inn i arverekkefølgen fra adopsjonstidspunktet. Odelsrett som et barn som blir adoptert har i sin egen slekt, faller bort ved adopsjonen. Dersom ingen av arvelaterens barn eller hans etterfølgere vil benytte odelsretten, eller dersom arvelateren ikke har barn, er det arvelaterens søsken og deres etterfølgere som har odelsrett.



I 2008 disponerte familien min "farmor-delen" av huset ( enka etter onkelen min i den andre delen - "nye"-delen), frå 8. mai - til oktober same året.
Flagget hang høgt til vers...


Då kosa eg meg, 
og eg innreidde kjøken og kvardagsstove med det som var tilgjengeleg...
Ikkje småtteri, vil eg seie!


Av ein eller annan grunn fotograferte eg...
...og det er eg glad for...


Kva skal skje med alle desse "skattane" eg fann fram, 
og som eg la på plass der eg fann dei, den dagen me pakka "leikene" våra?


For det er skattar!


Eg blir berre so sentimental :( no når eg veit eg ikkje skal bu her...draumen eg har bore på i alle desse åra.


Det var ein kompis som gjorde meg merksam på regelendringane, av 2010.
Og at denne endringa har skapt mykje familietragedie på bygdene er berre halve sanninga. 
Mange odelsgutar-og jenter har berre venta til dei skulle få ta over (skriftleg)...og so fekk dei ikkje gjere det fordi det kom ei lovendring... 
Surt - for dei det gjaldt!


Eg kom til mitt paradis som fireåring, saman med farmor på buss ( ei kinareise den gong, og brukte heile dagen). Eg skulle vere der på ferie nokre dagar, før mamma og pappa kom etter.


Det vart mange feriar her! 
Kvar sommar var eg dreng, heilt fram til eg vart konfirmert - og fekk "sommarjobb" på verftet der far min arbeidde... 
Likevel fortsatte eg å kome til farmor- og farfar-huset, 
og til "romet mitt" på loftet.

Det var ei lukke å få kome dit!


Farfar og eg arbeidde med ved. Han kløyvde, og eg lødde veden inn til løe-veggen. Han var i god-lune, og sa at "ein dag, skal du vere odelstausa og regjere her...etter meg". Det var store ord for ei ungtaus, den gongen. det sette seg fast, og er der endå...


For omlag 14 år sidan, foreslo mannen min og eg å "gå i lære" med onkelen min, og busette oss der...
Me var villege til å bygge hus på eigedomen, evt bu i "farmor-og farfar-delen" av huset, med tre små barn...

Me vart avviste, og eg sørgde i laaaang tid.



Så vart onkel sjuk, og døydde ikkje mange åra etter. 
Garden og bygningane forfall, og har ikkje vorte vedlikeholdt slik dei burde... 

Og det har vore så vondt å sjå dette, i alle desse åra...



Seinast i vår, prøvde eg meg igjen...og spurde "tante" kva tankar ho hadde om framtida ( ho er fleire og åtti år). Eg sa at mannen min og eg er klare til å "prøve igjen", dersom ho gjev oss den muligheita. 
Borna våre held på å "flyge ut", og det spelar ikkje store rolla kvar me bur...

...samtidig når eg har kjent på det ansvaret det er å ha odelsretten...


Ho er i dialog...
men så dukka denne infoen om odelsretten meg...


Eg tenkte umiddelbart at det kanskje var ei meining med det...


Me har det veldig ok der me bur, og fritidssyslene me driv på med...


Ein dag i kajakk, ein annan på bobiltur, sykkeltur, fjelltur, besøk, eller berre chille...


So det er ikkje meir då? 

Mitt 
ansvar 
for 
farsgarden 
er 
ikkje 
mitt 
lenger...


Andre får ta det arbeidet med å ta over dårleg vedlikeholdte bygningar...


Det er trist å tenkje på!


For kva vil skje når "tante" finn det naturleg å gi frå seg odelen?


Eg må iallfall fortelje henne om desse endringane i Odelslova.


Skal det bli som frukta i fatet...visne bort og døy?


Takk for at du heldt ut sytinga mi...
eg har letta litt, 

...eg måtte berre få det ut!

Klem frå ANE

6 kommentarer:

  1. Ei sterk historie du deler med oss - mykje mellom linene her.... Trur det er mange slike historier rundt oss, og mange av den andre varianten der folk føler at dei MÅ ta over og gå inn i noko dei ikkje ønsker..... ikkje enkelt verken det eine eller det andre... Klem frå meg som har sagt frå meg odel på eit småbruk for mange år sida...

    SvarSlett
  2. Takk for orda, Synøve... Det er mykje som ikkje er skrive her ja, det kan du vere sikker på. Takk for at du ser innom meg ;) klem

    SvarSlett
  3. Odelslova er på ny - til høyring... Stadig nye aspekt som skal inn...og eg er slett ikkje nærmare ein , meir motsatt veg. Sidan tante og onkel ikkje har barn, stoggar odelen med dei, slik det nye forslaget viser... Dette fordi onkel allereie har teke over med odel før. Så her berre sluttar det? Kva med garden? Skal den selgast til høgstbydande? Rart!

    SvarSlett
  4. Sidan eg offentleggjorde bloggen min i dag, vil alle få vite litt meir om draumen over alle draumar <3 Velkomne til riket mitt!
    Per i dag, 5.9.2014 er det ingen odelsrett på garden!

    SvarSlett