onsdag 30. mai 2018

Grøntnett


GRØNTNETT - FRUKTNETT - MILJØNETT
kjært barn har mange namn <3


Eg kom på første sida i lokalavisa vår - Vikebladet Vestposten
lokalavisa for Ulstein og Hareid <3
- og saka er #grøntnetta som eg brukar når eg handlar frukt-og grønt i butikken. Eg vil vere med på å redusere bruken av plast, og eg vil gjere det med dei midla eg kan...heklar nett, som eg kan ha frukta og grønsakene i, i staden for plastposane - frå butikken og heim...


Eg veit at mange med meg gjer det same, og det er FLOTT <3


Eg har laga mi eiga oppskrift - GRATIS FOR ALLE <3
Eg vil at så mange som mogleg kan hekle sine eigne #grøntnett, gjerne i fleire fargar og storleikar :) Bruk bomullsgarn frå restlageret ditt, eller kjøp garn i butikken ;) og set i gong <3
                                      Oppskrifta er som følgjer:
Hekle luftmaskar (lm) til ein passe stor ring ( mellom 5-10 lm, alt etter kva garn du brukar og heklekrok). Fest med ein kjedemaske (kjm). Lag fastmaskar (fm) rundt ringen, og fest med ein kjm.
Lag 10 lm, og fest med ein fm ned i kvar av fm i ringen heilt rundt.
Hald fram med 10 lm, og fest i forrige luftmaskeboge (lmb) med ein fm.
Lag dette i kvar lmb heilt rundt, og vidare rundt til du har tomt for garn, eller til grøntnettet er stort nok.

Ved slutt, ta nokre fm i siste lmb. Klipp av garnet, og fest enden med ei nål.
Lag ei snor med to fargar, som du tvinner saman.
Tre snora mellom lmb rundt grøntnettet, og knyt ein kjerringknute eller ein speidarknute med dei to endane
Ta med deg #grøntnettet til butikken neste gong, og ha frukt eller grønsaker i det,
i staden for i plastposar. Slik er du med på å redusere plastbruken i framtida.
Sjå berre kor fint det er <3 ein blir i godt humør av å handle :) :) :)
To ulike variantar av #grøntnett og #fruktnett  - som eg laga på "grøn fredag" ;)

...og her er litt av samlinga vår <3
I tillegg til desse #grøntnetta, har eg hekla nokre retro miljønett. 
Eg fann oppskrifta, gratis her - på Drops Design 



 

Variant med hanken

Veldig kjekt å lage desse miljønetta også, og dei kan også brukast til badenett/ strandnett ;)


LUKKE TIL <3

Sprei gjerne den gode bodskapen <3

Klem frå fruANE<3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar