onsdag 5. september 2018

Tankar

TANKAR
om det å vere langvarig sjukmeld, som endar i å verte delvis uføretrygda
-
nokre år etter...

Det er omlag ni år sidan eg gjekk ut i full sjukmelding, av svineinfluensa... Eg hadde pressa meg sjølv litt for langt, og immunforsvaret mitt var dårleg. Veka etter, fekk tre andre i familien påvist det same. Dette var eitt av dei første utbrudda av svineinfluensa i kommunen vår. Seinare vart mange tilbode svineinfluensa-vaksine, noko me sjølvsagt ikkje tok, sidan me hadde hatt sjukdomen.
...
Eg vart langtidssjukmeld!
 ...
Etter eit år, var eg fortsatt ikkje "klar" til å starte i jobb att, så eg søkte permisjon frå jobben.
Året etter sa eg opp mi faste stilling som lærar i kommuna. Eg var gal, meine somme. Andre synest eg var modig. Atter andre misunte meg det å tore...pluss alle dei andre som ikkje sa noko...
...
Eg var på ingen måte klar for å gå inn i jobben igjen som lærar, men jobba litt i Kulturskulen, der eg m.a. var med på systematisering av diverse materiell. Eg jobba også fram ein fagplan for dramatilbod i kommunen, og var litt vikar for kulturskulen.
...
 Etter mykje prøving og feiling på jobbmarknaden, med utprøving i diverse jobbar, vart eg som 50 åring delvis ufør. Eg fekk brev frå Nav omlag på 50 års dagen min...
Litt av ei gåve!
...
Eg grein!
...
endeleg fekk eg ei avklaring, og kunne får "fred" frå alle krava...
...
Eg har hatt mange biverknader i alle desse åra, etter sjukdomsperioden
...
Nav ville ha meg 100 % ufør, men eg var ikkje heilt med på det...
eg vart "strypt"
...
Det vesle som er att av arbeidsevne, brukar eg no på å vere litt vikar i kulturskulen, og vere prøve-, tentamen- og eksamensvakt på den vidaregåande skulen.
Slik får eg sjølv bestemme når eg skal arbeide, ut frå korleis eg har det til ei kvar tid.
...
for ingen dagar er like, sjølv etter alle desse åra...
...
Enkelte har uttalt seg uvitande desse åra.
Det er ikkje så lett å vere "uvitande"!
Det er ikkje så lett å vite kva ein skal seie til ei som meg...
Tidlegare kollegaer har sagt:
 "Ja, du kosar deg vel no"!
"Du ser så godt ut"!
"Orkar du det då"?
...
Når ein får ulike kommentarar, vert ein først perpleks...og veit ikkje heilt kva ein skal svare...
Som svar på "tiltale" har eg svart "Kosar, og kosar meg, eg prøver så godt eg kan"!
"Ser godt ut, ja, i dag kjenner eg meg sopass bra at eg kjem hit..." .
  "Eg orkar, fordi eg øver kvar dag, øver på å klare kvardagane, og møte folk..."
...
det har vore så tungt å skulle forsvare seg i alle desse åra, som om ikkje det er nok slik eg har det...
...ikkje minst all skamma...
SKAM - for ikkje å vere i arbeid
...
Eg trengde reiskapar for å klare utfordringane som til stadigheit dukka opp, og tok eit kurs i NLP (Nevro Lingvistisk Psykologi).
...
det har faktisk vore til hjelp...
...
Det har vore flust med utfordringar, og det vil det fortsatt vere i åra framover. Slik er det med alle menneske!
Ein veldig viktig person i livet mitt sa til meg, at viktigaste jobben min er, å ta vare på helsa mi
<3
Kvar dag arbeider eg intenst for å leve, finne motivasjon, vere postitiv og snu det negative til det motsatte
...
og nokre dagar berre observerer eg...at slik er det no...
...
og vere glad for det som er, finne livskvalitet!
...
Difor kallar eg meg for ein livsnytar <3
...
Ver klok i uttalingane dine om andre folk...ein veit som oftast ikkje kva som ligg bak...
...
Klem frå fruANE


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar