onsdag 29. august 2018

Vikartimen

Eg gjekk inn gjennom ein overfyllt gang, heilt i enden av det store bygget på den vidaregåande skulen. 
Eg skulle vere vikar i biologi, ein dobbeltime, og fekk vite det då eg kom til skulen, etter ei tidleg oppringing same morgon. Eg likte å få desse oppringingane. Nye utfordringar fleire gongar i veka.

Eg hadde aldri undervist i biologi, og var veldig usikker på korleis eg skulle gripe denne utfordringa.
Rom 201 stod det på døra. Eg retta ryggen, heva hovudet og blikket, idet eg opna døra og steig innanfor dørterskelen. 
Ungdomane sat her og der, i små og større klynger, nokre åleine, med headsettet på hovudet, stirra ned i telefonskjermen... Klasseromet såg ut som eit bomberom, men var ikkje det. Det var meir eit lager.
God morgon, sa eg, idet eg gjekk fram til enden av klasseromet, der kateteret stod. Eg tok meg god tid, og leitte fram bøkene eg hadde fått i hendene då eg kom...og lurte på koreleis eg skulle starte denne timen.
Eg hadde fått tildelt ei klasseliste, med 22 namn.
Det var kaotiske tilstandar i klasseromet, og bestemte med for å gjere noko heilt anna...enn å ha namneopprop.

Kva er biologi?, spurte eg... ingen reaksjon!
Så eg leita fram mobilen min, og tasta "biologi" på google...
...og las så opp det eg fann...

Biologi er læren om den levende naturen og dens organismer (av gresk βιολογία, dvs. bios [βίος] = liv, og logos [λόγος] = lære). En faglært tituleres i et samlebegrep som biolog. Biologer er naturvitere.

Er dokke naturvitarar? spurte eg...
Fortsatt ingen som svarte, men eg såg at nokre virka interessert.
OK, sa eg...
Er dokke levande organismer då?
Ja, kom det søvnig frå venstre ving.

Kva er eit menneske? spurte eg så...
Då vart det endå fleire som snudde hovudet rette vegen.
Me skal gjere eit forsøk, sa eg og ba dei stille seg på ei rekkje langs vindaugsveggen.
Dei som meiner dei er eit menneske, set seg på plassen sin...Alle sette seg, og smilte til kvarandre. 
Godt, sa eg...dokke er menneske... Så kva er eit menneske? 
Eg vil at dokke skal skrive på eit A4 ark: 
"Eg er eit menneske, ein levande organisme"! 
OG 
Du skal skrive fem ting du likar å gjere, fem ting du ikkje likar å gjere. Ikkje skriv noko namn.

"Dokke får 10 minutt, eg set på alarmen min"

Alarmen går - og elevane brettar saman arka sine i fire, og leverer.

Medan eg les desse lappane, og skriv nokre stikkord på tavla, skal dokke gå ut og finne ein levande organisme, og ta med inn - om 10 minutt.

Likar:
mat
 gutar x 4
sex
jenter x 8
sove
idrett x 3
eple
kos
biltur
fjelltur

Ikkje likar:
regn
urettferdigheit
sennep
dritsekkar
skule x 7
vente
dumme spørsmål
feigheit
falskheit
lekser x 5

Tenk over desse spørsmåla...
Er det noko av dette som overraskar? Er det ting du ikkje skreiv, som du kunne tilført på lista di?

Kva fann dokke der ute?
blomst
grein
snigel
blad frå eit tre
gras
strå
mose
makk
kjepp
Det dokke fann der ute, er også levande organismer - men lista over kan vel berre passe på menneske - så kva er dokke då?
Dokke er unike levande orgasnismer

No tok eg namneopprop...og timen er slutt

...og vikartimen var berre ein draum ;)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar