Eg elskar adventstida <3
Ei kjøtkvern kan brukast til så mangt... |
Farmorhylla - med "skattar" frå Nes <3 |
Mykje dill og dall... |
Symaskina til farmor - arv <3 |
Stemningsfullt <3 |
Omsider fekk me montert varmelampen ( som eg fekk i julegåve sist jul ;)
...so då passa det å snu litt på sofaen ;)
<3 <3 <3
1.desember <3
Eg kjøpte Snøsøsteren fordi eg hadde høyrt so mykje fint om forteljinga og illustrasjonane, og me skulle ha boka til høgtforteljing i heile desember...
Eg er imponert!
1. søndag i advent <3 |
åleine må det stå.
Vi ventar på det vesle barn,
i krybba lagt på strå".
...
Har du høyrt om GLEDING ?
Mitt første møte med ordet, var då ei veninne ga meg ei gåve med teksta "Gleding i kvardagen" <3 og eg likte ordet frå første stund, og tok det i bruk... No i desember nyttar eg adventskalendaren deira, og den gir mykje
GLEDING I KVARDAGEN <3
Små hekla hjarter i ulike storleikar <3 |
Eg vart så inspirert av dette...at då eg gjekk tur med hundane denne dagen, knipsa eg desse bilda, og laga eit "julekort" - som eg igjen delte på Facebook og Instagram @aneogstorsjal, med teksta;
"Til DEG der ute, som treng litt ekstra hjartevarme i tida som er..."
...
og til DEG som les dette NO <3
Einekrans, som eg laga i selskapet <3 og heng på ytterdøra. |
Eg vart invitert i eit annleis selskap, ilag med mange damer...og me skulle lage kransar. Eg hadde aldri laga krans før, og kjende det var ei stor utfordring, både på det kreative og det sosiale planet.
...
Me hadde det fole kjekt, og eg kjende meg fornya etter dei timane me var ilag
<3 TAKK <3
...
I eit anna Instagram - innlegg var temaet "Lys i mørket" -
og i denne mørketida er det mange som har utelys i ulike former...
Her er nokre av mine...
Bjørkekrans med keramikkhjerter ( Gry Nerland), og heng på husveggen. |
Minijuletreet framfor kjøkenvindauget <3 |
Hjartekrans av bjørk, med ei lyslenkje i...( sjølvlaga) |
Ein av dagane denne veka, brukte eg på baking og kos <3
Gløgg i julekoppen min<3 |
Gløgg og julekort <3 |
Tre kakesortar som me berre MÅ ha til jul...
( og her skulle eg så gjerne ha skrive det var Berit Nordstrand sine oppskrifter, på sunne byggeklossar...), men nei... Dette er av argaste sort!
(pssst...eg er veldig "flink" resten av året).
Brune pinnar |
Serinakaker |
Sjakkruter |
Dette hjartet strikka og tova eg i fjor, men av ein eller annan grunn har det lege umontert... Sånne prosjekt som eg synest er mislukka, men som ved nytt syn på saka, blir bra likevel. Det var i grunnen gjort på kort tid å stappe i noko fyllstoff og sy igjen :)
Desse flaskenetta er eigentleg juleraud, men på bildet vart dei rosa... Litt kult likevel, og slett ikkje verst når dei vart pynta med litt sjølvlaga "stæsj" ;)
Kjekke gåver å gi til dei som har alt... (du finn oppskrift annan stad i bloggen, då som miljønett, men det er berre å legge opp færre maskar...) |
Hesjastrengel |
Denne dagen trengde eg denne...
For ei god tid tilbake laga eg eit blogginnlegg om Hesjastrengelen, om korleis den vart til...
Om du vil lese, er du velkomen til det...
...
...for denne dagen las eg starten på kapittel 8 i Snøsøsteren, og delte på Facebook og Instagram
( og hjelpe meg kor eg tenkte at "du er gal, ka du trur andre trur om deg...")
...
og verre skulle det bli...for 2. søndag i advent, song eg andre verset...og delte igjen...
"No tenner vi det andre lys.
Dei står der stilt og skin.
Vi ventar på at Gud vår Far,
skal sende Sonen sin".
Hekla hjerter <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3 |
Eg slo av mobilen, og gjekk ein hundeluftetur...for det fælaste på jord, er nemleg å høyre seg sjølv...
Harding, eller tjukklefse |
Eg sette i gong med fleire prosjekt denne søndagen, for å utnytte energien og tida...for neste veke er det full rulle, både jobbmessig og sjukehusbesøk. Sidan surmjølka ikkje kom til å bli brukt til noko anna, og medan "takka" var i hus( lånt av mamma), så vart det sveler av restane :) Utpå ettermiddagen, fekk me besøk også...så då vart det smaksprøver, og nokre lefser vart med vidare...
Strikka minisokk |
Eg er takksam som berre har komt til 9. desember...for eg skal verkeleg kooooose meg, det eg kan resten av førjulstida <3
...
Ønskjer DEG ei retteleg herleg adventstid <3
...
klem frå fruANE
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar