søndag 3. januar 2021

Jul & 2021

Jula 2020 har vore god, med rolege dagar, saman med born og svigerborn <3

Det starta med nissegraut( som eg fortsatt kallar det...) veslejulafta, med den nye svigersonen vår, Ruben&Eline, svigerdotter Sisi (Jonas var på sjø/jobb) og far min som gjestar <3

Då me budde på Hagebø, hadde me alltid nissegraut veslejulafta. Då sette me ut ei skål graut til nissen, slik at han skulle ta godt vare på dyra i fjøsen <3 Gode minne!

Då borna var små var me fleire år i Stoksund for å feire Guro sin bursdag, og vere saman med fleire småbarnsfamilier <3 også ei fin tid å sjå attende på <3

Dei seinare åra har me bytta på, bror min og eg på å samle familien til denne koselege hendinga. 

I år vart det annleis!

Julafta kom også Solveig-vår & Fredrik + Albus (hunden deira). Ilag med dei to andre hundane i heimen, vart det eit "hunda liv" ;) :)

Jula 2020

I romjula vart det gooooode dagar, med kryssord, strikk, turar, lesing og spel...


Det har vore fint turver kvar einaste dag, 
og 1.januar 2021 vart dette bildet teke rundt Aursneset


Det har vorte nokre turar til Perlå<3


...og nokre garnhesper som har lege på garnlageret,- vart til ny hue... 
Eg vart inspirert av oppleggskanten til #julvanten2020 og brukte ein annan teknikk på brotet, frå eit #adventsstrikk (ein gensar eg strikka for nokre år sidan). 
Må seie meg fornøgd <3


Det var eventyrleg på Perlå i går...


Vonar du har hatt ei bra jule-og nyårsfeiring <3

GODT NYTT ÅR <3 <3 <3

Klem frå fruANE<3


tirsdag 15. desember 2020

SPOR av HJARTE

I dag la eg igjen eit spor etter meg...i form av eit hjarte i ei furu, 
langs Rotarystien, frå Kaldholsida... Det er ikkje det einaste hjartet eg har lagt igjen i den seinare tid. Eitt og anna hjarte har havna her og der <3

Det er mange SPOR ein kan setje etter seg...og har du tenkt over kva spor du set att etter deg? 
Kva spor ønskjer du, skal vere att etter deg?


Eg synest det iallfall er koseleg å tenkje på at nokon ser hjarta eg heng frå meg, og kanskje tek det med seg heim, gir det til nokon, eller berre beheld det sjølv. 
Det er også fint å tenkje på at nokon berre ser hjarta, og går vidare...slik at fleire får sjå, og kanskje tenkje over kva dette hjarta heng der for...korleis det har komt dit, kven som har laga det, kva tenkte den som laga og hengde det opp...

Små spor i kvardagen, berre ein er merksam nok...

Ønskjer deg berre godt <3 

Klem frå fruANE<3

onsdag 9. desember 2020

Ei lette...


No er me so og seie ferdige...
Sidan starten av september har me halde på med oppussing av stove og kjøken. Eg må seie at me er svært nøgde :) Me er midt i desember, og berre småplukk står att... 
Julegardinene kom opp første helga i advent, noko som er heilt nytt for meg. Eg synest det nye kjøkenet kunne få starte med ein ny tradisjon ;) Sjølv om det ikkje var ferdig lista, fekk vindauga gardiner :) :) :) 


 Denne veka bestemte eg meg for å ta det roleg med Hjørgot... Eg har tenkt på det ei stund, faktisk!
Ho har stressa meg meir enn det som gjer godt. Difor sletta eg sida hennar frå facebook, og heretter får ho vise seg fram når ho sjølv vil...ikkje når fb vil :(


                                               Eg har også teke nokre andre avgjerdsle... 
                                                            Så no har det letna <3

                                                                  Klem frå fruANE

onsdag 4. november 2020

STRIKKELØNSJ FØRSTE ONSDAGEN I MÅNADEN

 I starten av august fekk eg ideen om "Strikkelønsj"! 

Eg kalla det "Perletreff" den gongen, fordi me skulle ha det på Perlå( hytta), men eg hadde ikkje overskot då til å ha det der... Sidan veret vart bra, vart det i hagen min! Det var fire damer som møtte med strikk og lunsjpakke. 

Eg hadde laga ei sommarkake som dessert <3


Det var fleire som ymta frampå at dette måtte me gjenta...


Neste gong vart det laga ei gruppe på fb., der fleire vart invitert... Då vart det lagt til Maluns, og veret var nydeleg (som de ser).


Tredje gongen vart me berre to, så då tok me det innandørs på Perlå, sidan veret var dårleg, og ikkje eigna for utandørs aktivitet. Ymse gapahukar vart foreslått ( det tek me ein anna gong, kanskje...).







I dag var me 8 damer, som sat med ein meter avstand til kvarandre, på Maluns.
Sidan dette har vore meir enn tre gongar, så blir det tradisjon?
 Iallfall vil eg at dette skal vare vidare :) 
Og eg vil veldig gjerne at fleire skal få vere med <3 
Det er ikkje noko i vegen for at den som vil, får vere med :) 

Neste gong blir det truleg tur til "Tynnaknuten" på Rovde i Vanylven ;) men då på fredagen ( ikkje onsdagen), sidan Tynnaknuten held ope fredagar. Den som er fri og har høve, kan vere med <3 
Så lenge koronatiltaka er ivaretekne satsar me på dette <3

Vil du vere med, så ta kontakt <3

Klem frå fruANE<3



fredag 30. oktober 2020

Vennskap

 Eg har vore saman med ei god veninne i dag <3

...og det er veldig lenge sidan eg var saman med ein venn.

I dag rusla me rundt Akslafjellet - og tok ein kaffe/ kakestykke og ein lang prat på kafeen der...

Bildet er ikkje frå i dag! Eg tok ingen bilder...

<3<3<3

Tek du vare på dine vennskap? Eit vennskap må ha næring, og overlever ikkje utan... Ta vare på dei du vil ha i livet ditt <3


God helg<3

fruANE


lørdag 26. september 2020

Antiinflammasjon


Eg er godt over halvvegs koma i boka Helserevolusjonen - veien til en antiinflammatorisk livsstil, av Maria Borelius, utgitt på Pilar forlag. 
Eg er hekta!


Sjela og kosten høyrer saman!
Kosthold og hud heng saman!
Hud og psyke blir sterkt påverka av inflammasjon.
Gluten og laktose triggar inflamasjon!



Det er berre eg sjølv som kan halde meg frisk!


Antiinflammatorisk mat...


Inflammasjon = betennelse

"De sykdommene som jeg nå begynner å skjønne har koblinger til inflammasjon, som kreft, hjerte-og karsjukdommer og psykiatriske sykdommer, utgjør den største delen av helsevesenets utgifter. Samtidig satser man bare småpenger på livsstil og forebyggende kostholdsråd".
...
"Det blir som om vi er verdensmestere i brannslukking".


Mosjon er antiinflammatorisk!
Sol og Gud er også antiinflammatorisk!


Turkameraten min - Roffen <3


Stillesitjing aukar inflammasjon! 
MOSJONER DAGLEG!


Eg har komt så langt at "forundring reduserer inflammasjon" 
- og eg gler meg til å lese kva det gir seg ut på.

Eg gler meg til å lese meir - SÅ inspirerande!

Eg skulle berre ønske at ALLE kunne lese denne boka...å bli meir bevisste på livsstilen sin,- til og med gjere noko med den...med små grep <3
Det er mitt håp, og mi bøn <3


Klem frå fruANE

fredag 11. september 2020

Husmorferie

Eg har vore på husmorferie - i over ei veke! 
Det er omlag 5 år sidan sist... Då var eg også saman med Perdis! Denne gongen på ei hytte på Hallangen, ikkje langt frå Drøbak. Heldige meg <3

Er det vanleg å ha "husmorferie" eigentleg, eller kva kallar de det, når de er borte frå familien?

Eg har iallfall hatt ei vidunderleg veke, i nydeleg haustver (les seinsommarver), 
der det var sol og godt over 20 varmegrader kvar dag <3


Allereie første dagen samla me tussilago farfara-blad (hestehovblad) - og la til tørk i skuggen.


Neste ettermiddag limte me blada med hovudsida inn på ein glaskuppel, med tapetlim. Det fine med desse blada er at dei kan strekkjast utover...og ein limer blada litt opp-på kvarandre, slik at heile kuppelen blir dekt. Smør eit tynt lag med tapetlim over det heile, og set til tørk.


På ein av turane våra sanka me greiner av humle, nype, furu og eik.


Humle


Nype


Eik


Furu


Og med utsikta frå Toppen (der hytta ligg), hadde me mykje moro med ein fotoseanse...



Eg lærte ein ny hekleteknikk...



På rusletur i Son


...og ein tur innom sjølvaste Dørnbergerhuset  
der kunstnaren Carl Dørnberger budde og malte.

Det var nesten uverkeleg det som skjedde... Dei to kunstnarane som bur der no, heldt på å gjere ferdig bilder til ei utstilling i Galleri Soon, og me fekk privat omvisning. 

Ei ære å snakke med desse karane Teppo og Arne


Borte bra, men heime best!

Rart med det, men å kome heim til dei ein er aller mest glad i - er det beste på jord <3

Eg har vore på "lading" - og kan gå hausten gledeleg i møte med halvfullt glas - og berre du sjølv kan bestemme deg for om glaset skal vere halvfullt, eller halvtomt ;)

Lukke til <3

Klem frå fruANE