mandag 29. juli 2013

Sommaren 2013

Bobilen er reiseklar...
og det er også dei ferdigstrikka tvogene...

TRE (3) veker på tur!


Hippie vart ferdig, og er maskot på turen. 
I tillegg til oss to vaksne, vart dei to døtrene med  (15 og 19 år gamle).


Det vart Sunnmøre - Oslo ( båt til Fredrikshavn), Fredrikshavn i Danmark - til Osnabruck i Tyskland, Nievern ( an der Lahn,- ein sidedal til Rhindalen, ikkje langt frå Koblenz, som er byen der Mosel og Rhinen kjem saman).

.

På ein av sykkelturane våre, traff eg på "ein namning".
Sykkelvegane er mange, og ligg svært idyllisk til...


Litt garn vart det også, sidan eg skulle prøve å følge med på strikkalongen (Bittamis Design for strikkelystne , på fb ).


På ein fortau`s-is-restaurant...
Umogleg å seie kven sin is som var best.


"Tal to Tal" 
- ein bilfri dag på hovudvegen frå Lahnstein til Rudesheim, langs der Rhein...med sol frå nesten skyfri himmel. Det vart ein laaaang sykkeltur ( oss fire + to vener frå staden). 
Velfortent is-pause! 
Ja, eg naut!


På returen av sykkelturen, langs sideelva Lahn, stogga me for nye forfriskingar... 
Her; ved ei nedlagt sluse - no ombygd til pub...
Fantastisk atmosfære! 


Schwarzwald - området imponerer kanskje ikkje ein hardbarka sunnmøring, men fint var det likevel...


Alpirsbach - ein liten, men svært koseleg liten by...


...med dei karakteristiske husa for området Schwarzwald.


Ein Cappuccino med <3 
i ein fransk restaurant i Europa-Park Rust, ved grensa til Frankrike...


...ein fantastisk park med alt du kan tenkje deg...


Eg likte best dei rolege "banene", der eg kunne nyte utsikta, finne motiv ( noko som ikkje var problem).


Over landegrensa til Frankrike, Wissembourg - ein gamal og nydeleg by.


Over grensa til Tyskland igjen, no til Trier...
NB! Vi var innom grensa til Luxemburg, inn i byen med same namn, men ingen bilder...


...gjennom Moseldalen ( veldig kjent blant norske turistar + )...


KONSTANTIN 
vinotek strausswirtschaft
VINOPOLIS im altesten weinort deutschlands
- Neumagen-Dhron -
fortsatt i Moseldalen - ein fantastisk stad for mat og drikke + ein sanseleg plass for kvalitetssære sunnmøringar, der alt var nøye gjennomtenkt og gjennomført... 
Eg stortreivst!


Eg ønskjer vinplanter, som veks langs husveggen...


Tilbake til våre vener i Nievern, på vår private campingplass <3, 
der me fekk mange gode og minnerike dagar <3


TUSEN MILLIONAR TAKK!


Det gamle, og det nye huset på tunet...tre generasjonar i to hus, der det tidlegare var fire generasjonar i det gamle huset...


Danmark, nærmare bestemt Aabenraa i sør-Jylland.


frå Jylland, over Fyn, Storebælt og til København, i Sjælland...


Folkeliv!


Ein av dei mange og sære husbåtane, som låg ved kaia i København...

Frå København - over brua til Malmø i Sverige,og nesten strake vegen heim til Sunnmøre <3

Alle fire var samde om at det hadde vore ein gild tur...
og takk for at du ville kike innom ;)

ANE

fredag 14. juni 2013

Strikkedilla!


Eg elskar å strikke og hekle...so dette innlegget handlar om gleda av å skape noko av lekre fargar i bomullsgarn... 
For det er SOMMAR! 
Då likar eg bruke bomullsgarn.


Det er så mange flotte bloggar rundt omkring...
og eg vert heilt tullete av alt det fine som vert laga... 


For litt sidan kom eg fram på siste boka til Arne & Carlos, på Biblioteket :) 
Stor stas! 
Eg diggar dei!


Og sidan eg hadde ei korg med bomullsgarn, var det berre å sette i gong ;)


Eg "reira" meg ute på verandaen, og starta på Hippie ;)


So langt kom ho... før ein "heng-på-along" tok merksemda mi...

Dette er prosjektet nett no!


...medan desse er dei siste "små-prosjekta"...


Potteskjular...


Gryteklutar/ tvoger...dominostrikk!


Halvpatent!


Ha ei fin strikkehelg du også :)
Klem frå ANE

torsdag 30. mai 2013

ODELSRETTEN som forsvann...

                                                   ...


Eg har trudd at eg hadde odelsretten etter far min, på farsgarden ( til mine kjære avdøde besteforeldre).
Det har eg altså ikkje lenger!


Det var ei endring i 2010, som gjorde at ei eldre søster får retten framfor min far...(og ho har to barn, som igjen har tre og to barn). 
Så kjem far min og deretter eg  :(   langt, langt etter...
(Før var det slik at jenter, født 1965 eller seinare, hadde lik rett til odel, som gutane ( Lov av 1974).)

                       http://no.wikipedia.org/wiki/Odelsrett


Odelsretten følger i første omgang arverekkefølgen i rett nedadstigende linje etter alder. Det vil si at eldste barn etter eieren har førsteretten, deretter hans barn og barnebarn. Eierens nest eldste barn kommer deretter, så hans barn og deretter eierens barn nr. 3 o.s.v. Adopterte barn trer inn i arverekkefølgen fra adopsjonstidspunktet. Odelsrett som et barn som blir adoptert har i sin egen slekt, faller bort ved adopsjonen. Dersom ingen av arvelaterens barn eller hans etterfølgere vil benytte odelsretten, eller dersom arvelateren ikke har barn, er det arvelaterens søsken og deres etterfølgere som har odelsrett.



I 2008 disponerte familien min "farmor-delen" av huset ( enka etter onkelen min i den andre delen - "nye"-delen), frå 8. mai - til oktober same året.
Flagget hang høgt til vers...


Då kosa eg meg, 
og eg innreidde kjøken og kvardagsstove med det som var tilgjengeleg...
Ikkje småtteri, vil eg seie!


Av ein eller annan grunn fotograferte eg...
...og det er eg glad for...


Kva skal skje med alle desse "skattane" eg fann fram, 
og som eg la på plass der eg fann dei, den dagen me pakka "leikene" våra?


For det er skattar!


Eg blir berre so sentimental :( no når eg veit eg ikkje skal bu her...draumen eg har bore på i alle desse åra.


Det var ein kompis som gjorde meg merksam på regelendringane, av 2010.
Og at denne endringa har skapt mykje familietragedie på bygdene er berre halve sanninga. 
Mange odelsgutar-og jenter har berre venta til dei skulle få ta over (skriftleg)...og so fekk dei ikkje gjere det fordi det kom ei lovendring... 
Surt - for dei det gjaldt!


Eg kom til mitt paradis som fireåring, saman med farmor på buss ( ei kinareise den gong, og brukte heile dagen). Eg skulle vere der på ferie nokre dagar, før mamma og pappa kom etter.


Det vart mange feriar her! 
Kvar sommar var eg dreng, heilt fram til eg vart konfirmert - og fekk "sommarjobb" på verftet der far min arbeidde... 
Likevel fortsatte eg å kome til farmor- og farfar-huset, 
og til "romet mitt" på loftet.

Det var ei lukke å få kome dit!


Farfar og eg arbeidde med ved. Han kløyvde, og eg lødde veden inn til løe-veggen. Han var i god-lune, og sa at "ein dag, skal du vere odelstausa og regjere her...etter meg". Det var store ord for ei ungtaus, den gongen. det sette seg fast, og er der endå...


For omlag 14 år sidan, foreslo mannen min og eg å "gå i lære" med onkelen min, og busette oss der...
Me var villege til å bygge hus på eigedomen, evt bu i "farmor-og farfar-delen" av huset, med tre små barn...

Me vart avviste, og eg sørgde i laaaang tid.



Så vart onkel sjuk, og døydde ikkje mange åra etter. 
Garden og bygningane forfall, og har ikkje vorte vedlikeholdt slik dei burde... 

Og det har vore så vondt å sjå dette, i alle desse åra...



Seinast i vår, prøvde eg meg igjen...og spurde "tante" kva tankar ho hadde om framtida ( ho er fleire og åtti år). Eg sa at mannen min og eg er klare til å "prøve igjen", dersom ho gjev oss den muligheita. 
Borna våre held på å "flyge ut", og det spelar ikkje store rolla kvar me bur...

...samtidig når eg har kjent på det ansvaret det er å ha odelsretten...


Ho er i dialog...
men så dukka denne infoen om odelsretten meg...


Eg tenkte umiddelbart at det kanskje var ei meining med det...


Me har det veldig ok der me bur, og fritidssyslene me driv på med...


Ein dag i kajakk, ein annan på bobiltur, sykkeltur, fjelltur, besøk, eller berre chille...


So det er ikkje meir då? 

Mitt 
ansvar 
for 
farsgarden 
er 
ikkje 
mitt 
lenger...


Andre får ta det arbeidet med å ta over dårleg vedlikeholdte bygningar...


Det er trist å tenkje på!


For kva vil skje når "tante" finn det naturleg å gi frå seg odelen?


Eg må iallfall fortelje henne om desse endringane i Odelslova.


Skal det bli som frukta i fatet...visne bort og døy?


Takk for at du heldt ut sytinga mi...
eg har letta litt, 

...eg måtte berre få det ut!

Klem frå ANE