tirsdag 30. april 2013

Planken!

Konfirmasjonsbordet!
Slik dekka me middagsbordet, der 16 personar sat til bords...
...oss 5 i kjernefamilia, to fadderar, farmor, mormor, morfar, tante, onkel og to søskenbarn frå Trondheim,
grandtante- og grandonkel.


Planken midt på bordet har ei historie...


Eg fann denne planken i fjørasteinane for mange år sidan. Den har vorte teken vare på, i tilfelle den kunne brukast til noko...og for eit par år sidan, flytta me. 
Planken vart med, og har sidan den gongen lege ute i ver og vind, vinter og sommar...
Sist jul vart den teken inn for opptining og tørke, og oppgradert til bordpynt på julebordet i heimen.
Det var både praktisk og ganske tøft. 
Praktisk fordi ein kan sette varme panner o.likn. på den. 
Elles so er den både shabby chic ?!? og moderne.
Endeleg kom planken til nytte!



I konfirmasjonstalen kom eg til å seie noko om planken...som eit symbol på sjølve LIVET.
 Du må gå planken! Du må leve livet!
Planken har mange mange sår og ujamnheiter, nokre hol her og der, ru og fin...
Slik er livet også - livet har mange sider, og du vil møte på ein god del...
Heldigvis veit du ikkje kva...



Lysa, flaskene, blomane og stråa er menneske du møter på planken/ i livet.
Små, runde, store, tjukke, lange, tynne, - lysande ( menneske som brenn for noko dei trur på). 
Blomane er teikn på skjønnheit - i ymse former og fasongar...frå høge ranke til små og puslete
- frå alle samfunnslag, religionar, kulturar og miljø.
Møt desse med respekt! 
Du treng alle desse på din veg - av desse du møter. 
Du veit aldri kva nye menneske vil ha å seie for deg, så møt dei med respekt. 
Alle menneske er like mykje verdt!

Og det er du som les også <3

Klem frå ANE



mandag 22. april 2013

Gamle dukar

Veslejenta skal konfirmere seg komande helg.
I den samanheng, er det som for dei fleste kjent, at mangt og mykje skal gjerast...
So også for oss! Intet unntak!


Me har to eldre born, og har soleis vore gjennom dette før... Så vi veit kva vi går til...
Denne gongen blir det annleis likevel, for dette blir det siste familie-selskapet, der absolutt alle blir invitert. 
Vi blir 52 til kaffien, slik det ser ut... 
Nokre har meldt forfall, naturlegvis - lange avstandar, skule og jobb gjer det vanskeleg for somme. 
Dei har full forståing, sjølvsagt!

Svartsaum duk


Mor mi broderte denne duken, som svært ung. Den er heilt nydeleg!


Detaljar!


Vi har leigt lokale, der alt er tilgjengeleg...til og med dukar. 
Det er ikkje fine dukar, men dei er heilt ok.
Likevel tenkte eg å bruke nokre av desse skattane eg har i hus...
Kvifor ikkje?


Blå duk, brodert med kvit tråd.


Eg kom til å tenkje på ein song me song på barneskulen
...om ho som gøymde so lenge på skattane i kista, at dei vart møllspiste... 
Eg trur ikkje desse dukane blir møllspiste, men dei tener ikkje med å ligge på kistebotnen. 
Ingen får sjå eller nyte meisterverka...og det fordi vi er redde for å øydelegge dei, skitne dei til osv. 
Eg har bestemt meg for å bruke dei...på konfirmasjonsdagen...
slik at mor mi og andre får sjå og nyte.


Detalj!


Dette er ein av dei eldste...etter oldemor mi...( ho levde frå 1873 - 1971).
Engelsk broderi, meiner eg.

  
Vindruer og vinblad? Eg trur ikkje at oldemor drakk anna enn altervin 
( forresten var ho pinseven).
Eg derimot, er veldig glad i eit glas raudvin, og har ein og annan gong vore til nattverd...

Detalj!


Hardangersaum - duk, som svigermor har brodert. 


Oftast er det ukurrante bord-størrelsar som gjer at dukane ikkje vert brukt, iallfall i min heim. 
Salongbordet er for lite og lavt, og ete-stovebordet er for langt.
Eg skal iallfall prøve finne ei løysing i konfirmasjonen...om ikkje anna - ei slags utstilling( kanskje).


Detalj!


Korleis er det i din heim? 
Er du flink til å bruke desse skattane, eller gøymer du dei vekk?

Ha ei fin veke, og god helg når den kjem :)

ANE


tirsdag 9. april 2013

Syskrinet mitt, og farmor sitt <3

Slik ser det ut...


Eg har rydda i "tølene mine" igjen... og leita fram syskrinet. 
Eg er ikkje so aktiv på syfronten for tida, men eit syskrin er det noko dei fleste har i hus, eller?
Korleis ser syskrinet ditt ut?


Slik ser det ut, når eg opnar det...
Genial oppfinning!


Og oppi?


Vel! 
Her er litt kaos...
symaskinnåler, "auger" strikk, band, nålepute, bilder,


perler, stjerner, englar, band, sytråd, broderigarn...


...påbegynt hardanger-broderi, futteral( frå eitt av borna), meir broderigarn, endå fleire perler...
Det ser ut som her må ei opprydding.
Ikkje i dag, kanskje i morgon?


Dette tilhøyrde mi avdøde farmor - ho er sårt sakna - etter så mange år,
men syskrinet lever vidare, med dets innhald...


Tenk om syskrinet kunne fortelje? Det har nok mange gode historier...
Kanskje eg skulle skrive ei slik historie, vel og merke tufta på mine minne og kunnskapar om farmor og det ho styrte med... Det kunne likevel ha vorte litt kjekt iallfall for meg).


Skal tru kva ho brukte desse sneldetrådane til...
Kva strikka ho på, osv osv...


Stoppesopp? Til å stoppe sokkar med...eller kva kallar du det?



Her finn du fleire syskrin...til inspirasjon?
Sant å seie finst det mange fine syskrin rundt omkring...og dei er so fine, kvifor ikkje ha dei ståande på stova som møbel? Kva synest du?

Ha ein strålande dag!
Klem frå
ANE

lørdag 23. mars 2013

Å reire seg...

Eg er så glad i det uttrykket
" å reire seg"...


Til påske synest det er på sin plass.
Som fuglane lagar reir til ungane sine, reirar eg meg ute i vårsola. Eg trivast veldig godt utandørs, anten eg stullar med noko i hagen eller berre er...
Då gjerne slik som dette!


Appelsin, kvikklunsj, kaffe, strikk, bok, og solkrem m.m. er rette
 ingrediensar for ei slik reiring...


God påske!

Klem frå 
ANE

fredag 15. mars 2013

Skapet med det rare i...

Generelt synest eg det er litt vanskeleg å skrive tittel på eit nytt innlegg, og i dag særleg...
I fjor sommar selde me hytta vår, ei lita 40 m2 stor tømmerhytte, til fordel for ein bubil.
Me angrar ikkje endå...
På flyttelasset heim, tok me sjølvsagt med dette skapet. Det rigga godt i hjørnet på stova.
Det er både slite og noko øydelagt, men det bryr meg veldig lite...
Inni skapet er det iallfall plass til mykje...


Kaffikanne og sukkerskål...


...med ein liten farmorduk...


Detalj!


Inn i hjørnet står eit gamalt fat, ''nattverden''


Suppeterrin...


...og sausnebb (frå mi kjære farmor).
Her vart hennar deilege kjøtkaker med tilhøyrande saus til, servert...mmmmm


 Miniatyrsett 1...


2...


Dette hadde eg som barn, og leika med det, kan eg hugse...
tenk at mor mi let meg gjere det.
Eg var forsiktig!
...berre eit lite skår i eine koppen, men det trur eg kom ved flytting ein eller annan gong.


Eg har samlemani...eller ''svak'' for fine ting...


...og glas er ein av dei mange fine...



Sjå berre den fine broderte brikka dei står på!


Denne vakre koppen, med tefat under, er ein skatt.
Den er utruleg tynn og skjør.
Eg forelska meg heilt i denne, på ein Gjenbruksbutikk.
Veninna mi, som registrerte det heile, fekk mannen sin til å kjøpe denne skatten i all hemmeligheit...
Gjett om eg vart glad!
Fin?


 Denne er også fin!
Denne koppen med tefat og asjett har eg til fire...
Svigermor skulle flytte, og eg fekk m.a. dette. Kvar gong ho er på besøk, prøver eg servere kaffien i desse flortynne koppane. Ho meiner kaffien smakar betre i tynne koppar...
Erfaringar å dele?


Ein annan kopp!
Denne stod so einsam og forlatt på ein gjenbruksbutikk, og sidan eg var glad i oransje på den tida, fekk den meg som eigar. Eg betalte nok ikkje mange kronene for den, men den er då søt?


 ...og den har fått denne vesle brikka under seg...
eg kan ikkje hugse kvar den kjem ifrå, men eitt er sikkert, det blir teke vare på her med meg...
Slik er eg!
Ein skal ikkje samle seg skattar på jorda, men du verden kor gildt det er å ta vare på desse skattane medan ein lever...
Det er då viktig?
Dette innlegget vart til då eg låg nede for teljing, influensasjuk og smittefarleg...

Ønskjer deg ei god helg!
ANE


mandag 11. mars 2013

Gamle kofter

I leitinga etter gamle mønster, fann eg desse fire i syskrinet mitt ;)
Dette er oppskrifter eg har fått frå mor mi. 
Ho er, og har alltid vore ein stor-strikkar!
For tida er det Marius-gensarar til 13 og 15 åringane i familien, og ei lita nabojente skal få seg Marius-kjole.
Mamma har alltid eit strikkeprosjekt på gong...


Denne kofta; modell Kongsemne, vart strikka til mor sjølv, far, bror og meg.


Modell: Bamsebu, fekk bror min og eg. Ein skulle nesten tru det var vi to som er avbilda, for me såg omlag slik ut... Artig!


Modell; Harstad, var det sjøla-folket ( mor og far) som stasa seg opp med.


... og modell Jonsrud...


... og til  slutt modell  Skogstjerne.

Det er frykteleg leitt at desse koftene ikkje er å oppdrive i dag, men kva om eg med tida strikkar dei igjen?
Eg trur so absolutt det er bruk for desse koftene den dag i dag...
Eldste døtra spurte so fint om å få låne ei kofte av meg ( ho går på internatskule annan stad i fylket).

Brukar ungdom i 18 - 20 åra kofter der du bur?
Kva strikkar du på no?

Ha ei fin veke!
ANE