onsdag 25. april 2018

Tankar om det å sitje vakt

Eg er vakt på prøver, tentamen og eksamen i den vidaregåande skulen, og har vore det i omlag 3 år no. I dag var det 30 elevar som skulle ha sosialkunnskap. Det var det eine av faga eg sjølv hadde, då eg var elev på denne skulen.


I dag lyder oppgåva: 
"Tema:
Kriminalitet
Oppg.: Drøft om straff er eigna til å kjempe mot ungdomskriminalitet. I svaret ditt skal du; 
- trekkje inn ulike syn på dagens straffesystem. 
- vurdere endringar i reaksjonsformer, som til dømes bruk av samfunnsstraff.
Du skal bruke teoriar om årsaker til kriminalitet".

 Alle hjelpemiddel er tillatne, bortsett frå Internett og andre verktøy som kan brukast til kommunikasjon.


Dei fleste elevane har haugevis med bøker og notatar, og brukar desse jamt og trutt. i tillegg har dei i forkant lasta ned alt av relevant stoff på datamaskinene sine. Alt foregår på pc no til dags. Dei må oppgje kjeldebruk, og det kan nok vere ei utfordring...

Me hadde ikkje lov til å bruke noko form for hjelpemiddel, og skreiv for hand. For ei utvikling! Eg er ikkje i tvil om kva som er best ;) 

Når eg sit slike dagar, og ser på elevane, studerer elevkatalogen med bilde og namn, lurer eg veldig på korleis det vil gå med desse ungdomane. Skulen "spyr" ut elevar kvart år, etter endt skulegong, og er klar for nye utfordringar. Eg misunner dei slett ikkje! Eg er glad eg er ferdig med dei vala...

På desse dagane får eg sitje i ro, ikkje gjere noko anna enn å følgje med, passe på at dei ikkje kommuniserer, at dei har det bra osv.

For ei tid tilbake fekk eg eit spørsmål om denne jobben var utfordrande nok for meg - eg som hadde så god utdanning, hadde jobba som lærar, og var så kreativ...  
Eg har innsett at eg ikkje skal jobbe som lærar lenger,- og det er det mange år sidan eg forsto...sjølv om livet har vore svært så frustrerande til tider...

I denne jobben får eg ha litt kontakt med ungdomane. Eg får også følge med på faga, noko som er interessant. Eg får jobbe i økter på hausten ( nokre elevar som skal opp igjen eksamen av ulike grunnar), til jul og etter jul, før påske og etter påske og i mai/ juni med eksamenstida. Eg bestemmer når eg kan og vil jobbe... Eg får vere kreativ utanom - heile tida, om eg vil <3
Dette passar meg bra  :)

På desse vaktdagane, kjem tankane inn på mange spor - og det er bra godt med dei òg :) for brått får eg ein idè, som eg skriv ned i ei notatbok som er med... Kjekt å ha for seinare :)

Ha ein fin-fin lissjelaurdag <3
fruANE

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar