torsdag 28. juni 2018

Kvardagstankar

VEGEN

Livet er som ein veg...
Klarer du sjå føre deg ein veg framfor deg?
Dersom du teiknar vegen, eller fotograferer vegen, vil den vere brei der du er, og smalne etterkvart som den kjem lenger ifrå deg. 
...
Du set deg inn, gjer deg klar for avreise, med å sjekke speglane, rette på seteryggen og feste setebeltet. Endeleg klar til å ta fatt på reisa - livsreisa...
...
Alle livsreiser er ulike, fordi me menneske er ulike. Me tek utgangspunkt frå ulike stader, og ofte møter ein, ein eller fleire likesinna på vegen, men likevel er me ulike. Ved starten må me opp i litt fart, for å kome i gong...og innimellom må me bremse ned, bruke girane for å ikkje slite ut bremsene. Ved eitt og anna kryss, må me stogge heilt opp. Full stopp! Ettersom vegnettet omfattar fleire farande, møter ein stadige rundkøyringar... Den eine finare og betre enn andre, med pynt og skulpturar - som skal pynte på fasaden - fordi ein eller annan har for mykje pengar, og vil legge att eit merkje etter seg... 
Langs vegen møter ein stadig ymse skilt som skal rettleie deg på vegen, gje deg ein peikepinn på kvar du er på veg, korleis ein skal oppføre seg, og gjere deg merksam på det som skal kome...om vegen er svingete, smalare, har hindringar, og ofte er det store motbakkar, som gjer det tungt å kome opp, men som ved lågare girar hjelper deg fram - og i nedoverbakkar må ein også gire ned, for å sleppe slitasjane på bremsene...for ikkje å gløyme dei smale, holete og humpete stumpane...
...
Alle livsreiser er slik!
Nokre av oss møter andre og fleire hindringar enn andre, og må ta nokre fleire stopp, og nokre annleise rundkøyringar på vegen. Av og til må me parkere, ikkje berre på korttidsparkering, men langtidsparkering. 
...
Då er det godt at det finst hendingar og opplevingar som gjer det verdt å parkere, slik at ein får kvilt seg og samla nok energi til å fortsetje ferda...då er ein både meir konsentrert, og ein har fått erfart so mykje meir enn ein hadde tidlegare.
...
Alle turar gjer ein både meir modig og dristig, men også meir audmjuk <3 

...

Kvardagstankar frå fruANE




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar